Strid om ferje-flytting på Stord

Politikarane Bjarne Berge (frå venstre), Otto Benjaminson, Aksel Kloster og Magnhild Kloster, samt Arne Hauge frå Ferjeaksjonen på Halsnøy hadde møte med statssekretæren i Samferdsledepartementet. Kloster var ordførar på denne tida. Om hausten same året overtok Bjarne Berge.

2003: Ferja mellom Kvinnherad og Stord blir flytta frå Leirvik til Skjersholmane 1. mai. Det skulle vera ei mellombels løysing, vart det sagt frå øvste politisk hald i slike saker. Ein delegasjon frå Kvinnherad var på etterjulsvinteren i Samferdsledepartementet for å be om at ferja ikkje vart flytta, men dei kunne visst spart seg turen. For no er den mellombelse løysinga vorten ei permanent ordning.

Vi kan berre slå fast at trafikkantar som brukar ferja er eit tolmodig folkeslag!