Strikkety til barneheim i Bosnia

 (Foto: Geir Remme)

(Foto: Geir Remme)

1994: Arnt Lillesand (t. v.) og Atle Holm var i februar dette året heime på permisjon frå FN-teneste i Tuzla i Bosnia. Holm var sanitetsmann på ein ambulanse, medan Lillesand arbeidde i mottaket på feltsjukehuset i byen.
Før dei reiste tilbake etter permisjonsdagane heime på Husnes fekk dei ein heil bag med labbar, vottar og anna strikkety, som Liv Kolaas med fleire hadde laga, og som vart levert til ein barneheim i området der FN-styrken var stasjonert.

Dei to husnesingane var eitt år i Bosnia.