Fest i mafiastil

 Direktør Arne Havnerås (til høgre) ved Rosendal Fjordhotell og Lars Ivarsøy, avgangselev i 1986. (Foto: Geir K. Hus).

Direktør Arne Havnerås (til høgre) ved Rosendal Fjordhotell og Lars Ivarsøy, avgangselev i 1986. (Foto: Geir K. Hus).

Før jul i 1985 heldt Kvinnheradrussen stor gallamiddag på Rosendal Fjordhotell. Festkomitéen ville gjera eit stunt, og laga litt mafia-stil over arrangementet, blant anna med å betala heile gildet med kontantar. Dei fekk låna handjern av lensmannen og det vart festa til ein av elevane og i stresskofferten full av pengar.
– Vi tok ut pengane i banken på Husnes og køyrde i fin stil til Rosendal, minnest Lars Ivarsøy. Han hugsar ikkje summen, men meiner det var ganske mykje den gongen.