Miljøfyrtårn

Lars Martin Feet, Rati Sæbø og Brede Grønningen med sertifikatet som viser at bedrifta er eit miljøfyrtårn. (Foto: Kristian Hus).

Lars Martin Feet, Rati Sæbø og Brede Grønningen med sertifikatet som viser at bedrifta er eit miljøfyrtårn. (Foto: Kristian Hus).

2003:  Husnes Røyr AS blir sertifisert som "Miljøfyrtårn". Slik sertifisering blir i aukande grad krevd av bedrifter i samband med anbod, eller for å vera leverandør i større prosjekt. Gjennom sertifiseringa skal verksemda kartleggja status og gjennomføra konkrete forbetringer basert på generelle og spesifikke miljøkrav i sin bransje.