Vegfest

  12. mai 2007 var ein festdag i Matre då ein ny rasteplass i Skavdalsvingen vart offisielt opna av fylkesordførar Torill Selsvold Nygård. Bjarne Berge (t.v.) var ordførar den gongen. Til høgre v  egsjef Ole Chr. Torpp. (Foto: Kristian Hus).

12. mai 2007 var ein festdag i Matre då ein ny rasteplass i Skavdalsvingen vart offisielt opna av fylkesordførar Torill Selsvold Nygård. Bjarne Berge (t.v.) var ordførar den gongen. Til høgre vegsjef Ole Chr. Torpp. (Foto: Kristian Hus).

Den store festen sette punktum for eit anlegg til 20 millionar kroner, alt betalt av Hordaland fylkeskommune. Sunnhordland Kraftlag forskotterte halvparten av kostnaden i fire år.

Fylkesordføraren trekte fram at gode vegar og kommunikasjonar er sjølve livsnerva i mange bygdesamfunn. Når SKL gjekk i gang med den siste kraftutbyggjinga i Matrefjella, fekk kommunen og Hordaland fylkeskommune ein gylden sjanse til å få gjort noko med dei dårlege vegane.