Duppedittar

Kva i all verda skal vi vanlege menneske gjera på i framtida. Dei klokaste (datanerdane) av oss brukar all si tid til å finna på ting som gjer at vi andre ikkje skal bruka tida vår på å utføra praktiske trivielle ting. Heretter skal vi berre kasta bort time etter time for å finna ut korleis ein elektronisk duppeditt fungerer, slik at vi skal sleppa å utføra dei praktiske oppgåvene vi i generasjonar har funne meire eller mindre meiningsfulle.

Kva skal vi bruka hjernen vår til, når vi har brukt all vår energi til å setja oss inn i brukarrettleiingar til meir eller mindre unyttige dingsar. Eg les til dømes her om dagen at Wolkswagen no skal ha skiltgjenkjenning på displayet på dashbordet. Vi kan snart berre sitja og «sløva» i bilen, og ikkje eingong følgja med på det som går føre seg rundt oss.

Kunne ikkje desse kloke hovuda brukt fantasien sin til forbetringar som kjem dei vanskelegstilte i verda til gode? Kanskje den oppgåva blir for komplisert. Lat i alle fall oss vanlege folk få halda fram med å utføra praktiske oppgåver i kvardagen. Korleis skal vi elles klara oss når elektronikken sviktar?

Lars Jostein
22.01.15.