Ein fjern draum

Fredagskommentaren denne veka tek føre seg eit velkjent fenomen:

I ei årrekkje har kona og eg møtt førstnemnde sine kvinnelege søskenbarn til ei triveleg førjulshelg med handel og kulturopplevingar i Bergen. Dei har også med partnarane sine, og me mannfolka prøver å finna meir kulinariske aktivitetar enn damene på dagtid. 

Sist førjulshelg – etter inntak av ei dryg skei med anna enn Møllers tran – fekk ei av damene det for seg at det kunne bli vel mykje handling. Det enda med ein samstemmig lovnad om å kjøpa berre ti klesplagg kvar det neste året. Det høyrdest enkelt ut ein laurdagskveld i godt lag, men no ryktast det på sosiale mediar at målet berre blir ein fjern draum. 

Uimotståelege tilbod frå sleske manufakturseljarar blir for freistande for den som ønskjer å ta seg godt ut. No føreslår eg at me mannfolk vel ein kompetent representant blant oss og riggar til eit skrifterom ved neste møte. Så kan dei som har dårleg samvit koma i all løynd og vedkjenna syndene sine.

Eg er redd det blir hardkjør for skriftefaderen.

Lars Jostein
13. januar 2015