Fredagskommentar

Fredagskommentaren i dag er eit gammalt produkt. Ein skal vera forsiktig med politiske kommentarar her på Skimtvis.net, men i denne kommentaren kan eg skulda litt på at ende-rimet må klaffa:

I nærare 20 år sykla eg til jobben på SØRAL. På slike turar gjer ein seg mange slags tankar. I ein periode blei eg forbikjørt av ein ungdom i ein skinande BMW. Det var ein doning eg berre kunne drøyma om på det tidspunktet i livet mitt. Kanskje var eg fordomsfull, eller litt misunneleg når dette gav meg inspirasjon til følgjande limerick:

Han var klar før eg hadde skifta til arbeidstøy.
Ein ungdom på knapt 23
Fer forbi i sin grå BMW
Klagar staten tek alt
Knapt til grauten har salt
Derfor stemmer han på FrP.

Lars Jostein
6. februar 2015.