Setebelte

Sjølv om eg var ganske vaksen før eg fekk meg bil, har eg praktisert køyrekunsten i så mange år no at eg bør ha rett til å koma med nokre kritiske merknader til desse moderne køyretøya.
Det er først og fremst desse symbola på dashbordet, og pipelydane som følgjer med, som irriterer meg. Dersom ein er så syndig og ventar ein augneblink før ein festar setebeltet, så blinkar det besett, og pip noko inn i granskogen. Det er jo påbudt å ha på seg belte, må vita. Ein får bot om ein gløymer det. Det er det første ein lærer på køyreskulen.

Slike sjølvsagte ting vil eg ha meg fråbedd å bli plaga med! Kva er det bilprodusentane tenkjer om oss. Veit dei ikkje at vi er tenkjande menneske?

Du kjem til dømes frå butikken ein dag, og har handla posen full, slengjer han på setet ved sida av deg, tek på bilbeltet og køyrer glad avstad. Kva skjer? Jo, då pip den hersens varslaren for nabosetet, der du har plassert ein pakke kotelettar, litt kjøtpålegg og ein liter mjølk.

Ja, det er heilt greit at eit kjøtstykke får beskjed om å ta på seg setebeltet. Men eg som tenkjande menneske, vil ha uvesenet fjerna fortast mogleg.

Lars Jostein
12.01.15.