Telefon med veteran-status

Fredagskommentaren denne veka kan tolkast slik at alt var betre før i tida, noko som sikkert òg kan seiast om opphavsmannen:

Saka er nemleg den at opp til fleire gonger i veka kjem eg i ein situasjon som gjer meg brydd. Og det er ikkje i dei situasjonane der kona meiner eg burde halda ein «lågare profil». Nei, det er kvar gong eg må ta fram mobiltelefonen min problemet dukkar opp. Og då snakkar eg om telefon, ikkje multiverktøyet som er allemannseige i dag.

Me er ein eksklusiv klubb, stort sett beståande av godt vaksne menn, som tviheld på at mobilen skal brukast til samtale og SMS. Me hoppar bukk over alt frå Iphone 1 til Iphone 6. No går eg berre og ventar på at den gamle slitaren skal få veteranstatus. Mange køyrer rundt i veteranbil med nasen i sky, og er krye av doningen sin. Om nokre år kan også eg med stolthet fortelja, når nokon spør meg kva mobil eg brukar, at jo, det er ein Nokia 1200, 2007-modell. Den har eit batteri som varer i ei veke, og alle deler er originale.

Lars Jostein
16.01.15.