Transport

No legg kloke menn og kvinner verda rundt hovuda sine i bløyt for å gjera bilkøyringa vår enklare. I framtida, seier dei, skal ein kunna setja seg i baksetet på sin eigen bil, be han køyra deg heim, og du kan trygt ta deg «ein liten ein», før du startar heimturen.

Dette har me i Røyrvika venta på i årevis. Skal me ha oss ein kosekveld på eit av dei velrennomerte etablissementa i tettstaden vår, blir me på det næraste ruinerte berre for å koma oss heim om natta.

Me er litt misunnlege på forfedrene våre. Etter eit triveleg lag i nabobygda kunne dei berre velta seg over hesteryggen eller i møkakjerra, og hesten tok dei trygt heim att. Prinsippet til datanerdane er altså hundrevis av år gammalt.

Men ein ting maktar ikkje desse nye oppfinnarane. Dei klarar ikkje å laga pålegg av framkomstmiddelet når det blir gammalt og utslite.

Lars Jostein
11.01.15.