Om dongeribukser

Kånå synest eg er altfor sein med å fornya dongeribukseparken min. No har eg bøtt dei meir enn ein gong, seier ho. Du kan ikkje gå slik blant folk.
 
– Dongeribukser skal vera litt sunde, seier eg. Ubemidla tenåringar kjøper bukser til fleire tusen kroner som berre sleng rundt knehasane. Slik er moten no for tida.

Ei mor frå slekta til kona i Sogn hadde ikkje fått med seg dette, buksa til den vaksne sonen hang på klesnora mellom husa deira i all si fillete prakt. Å nei, tenkte ho. Eg kan ikkje la sonen min gå ut blant folk i ei slik ei. Kva vil dei tru om oppdraginga hans. Ho plukka stasen ned frå snora og fann fram symaskinen. Men den takka ho venta på etter utført arbeid, fekk ho aldri.

Dessutan har eg eit anna problem når det gjeld desse nymotens dongeribuksene. Nokon har funne ut at dei skal vera så korte i livet. Slik det er i dag, går eg å dreg i den forbaska buksa heile dagen. Problemet er berre at den centimeteren eg vinn oppe i linninga, har ein lei tendens til å gnaga seg inn der vi mannfolk har litt meire enn jentene.

Så er det berre å lura på seg dei gamle buksene så lenge det går, og kryssa fingrar for at Arne og Geir Inge på You Who også går leie av gnag på hoftepartiet og skaffar oss bukser vi kan gå i!

Lars Jostein
08.12.14