Snøstjerna

Det er greitt at vi får melding på dashbordet i bilen om at tanken snart er tom, at det er tid for neste service eller at bakdøra ikkje er skikkeleg lukka. Men det er eit anna symbol som irriterer meg grenselaust. Kvar dag det er mindre enn fire grader kjem det eit «pling» og eit snøsymbol fram.

For det første, snør det aldri ved fire grader pluss. For det andre, kan ein køyra på tørr asfalt heile veka, sjølv om det er minus fire. Eg sit med ei lita kjensle av at dette er leikestove for det eg kallar datanerdar. Dei plagar oss vanlege på mange felt i livet, men lat oss sleppa tøv som dette i ein bil vi har betalt altfor mykje for i utgongspunktet.

Det har absolutt ingen verdi å koma med eit slikt varsel når det i dei fleste tilfelle er villeiande. Greitt nok at ein skal vera aktsam når temperaturen nærmar seg null. Men dette er i røynda berre tull.

Vi er pålagde å ta synstest før vi får lov til å køyra bil, og då bør vi alle sjå om det snør eller om det er is på vegen. Skulle vi stola blindt på dette symbolet, måtte vi lista oss rundt i 40 km/t kvar gong vi blei varsla. Slik det er no registrerer vi varslinga med eit skuldertrekk. Altså har den ingen verdi.

Vekk med den!

Lars Jostein
17.12.14