Minneord

Denne fredagen vil eg skriva eit minneord over samlarane blant oss.
Den digitale framtida kastar mørke skuggar over oss samlarane. No er nok kona glad for at mine 3000 tippeblad ikkje blir til 5000. Verre er det for dei seriøse frimerke- og myntsamlarane. Dei har ikkje mange nyutgjevingar i vente. Pengar og frimerke er snart ein saga blott.
Og så er det dei gode, gamle platene då. Dei som var raude, gule, blå og grøne, og hadde eit kunstferdig cover. I den tida kunne ein invitera ei jente på hybelen for å visa henne platesamlinga si. Kanskje lura ein romantisk melodi på spelaren og ha skumle hensikter.
Det blir ikkje same stasen å invitera henne inn for å sjå den eksterne harddisken og skryta av at ein har streama fem gigabyte med musikk.

Lars Jostein