Eit syn for auga

Å reisa langs landevegen no om hausten er ei storslagen oppleving. Denne veka fekk me med oss ein blankstill Sørfjord, kveldssol over saftbygda ved Sognefjorden, og gråvêr då me på heimvegen humpa oss gjennom baronibygda i vår eigen kommune.
Me passerer Felleskjøpet i Dimmelsvik og kjem inn i området der veljarane har drive «den brende jords taktikk», og fjerna alle høgrerepresentantar.
Men det er ingen ting som kan måla seg med det synet som møter oss då me rundar Rausteinskleivane. Det er då eg får lyst til å bruka diktarens ord; «…det opnar seg så vent eit syn for auga». Der ute ved fjorden ligg vår eigen heimplass, Rørvikjå. Sjølv ikkje tunge regnvêrsskyer hindrar kveldssola i å kasta nokre stråler over heimplassen vår!

Lars Jostein
25.09.15.