Språkleg innvirkning

Berre så de veit det; eg er fødd i november, er bestemor og les bøker. Dagleg. Men i dag er eg litt i Linda Eide si ånd. I alle fall vart eg det, då eg las eit par setningar på ein blogg eller ein Twitter eller ka det no var, om ei som på kvinnedagen drista seg til å leggja ut eit «self-promoterende» bilete. Ho skreiv noko om «post-metoo» óg, utan at eg fekk heilt med meg kva ho meinte, for då var eg alt blitt litt irritert.

At språket utviklar seg, det er så. Men her er det etter mi meining meir ei språkleg innvirkning. Og når eg fyrst er i det irriterte hjørna, kan eg no ta med «levere». I mitt hovud handlar dette omgrepet om å gje frå seg noko konkret. Postbilen leverer post, før i tida også på døra. Varetraileren leverer varer til butikken.

Men ein som hoppar langt på ski, kanskje til 19 i stil? Han leverer ikkje! Han hoppar fint og langt. Ole Einar Bjørndalen leverer ikkje når han fyk avgarde på ski så slevene renn etter ei feilfri skyting. Han går fort på ski og skyt bra.
I politikken har me rikeleg av språkleg innvikling, så mykje at sjølv ei bestemor som er fødd i november ikkje skjønar bæret. Det kan no vel ikkje vera meininga, vel?
Kva ville Linda Eide sagt? Kan me plis få att eit enkelt og lett forståeleg språk? (Eg heldt på å skriva funksjonelt, men då hadde eg vel møtt meg sjølv i døra.)

Jorunn Toskedal
9. mars 2018.