– Mykje usakleg kritikk mot politikarar

– Enkelte politikarar har fått for mykje usakleg hets i media, seier Kent Are Kjørsvik Petterson (31) frå Husnes i dette lydintervjuet. Han er nominert på førsteplass på Venstre si liste ved kommunevalet neste haust. Ordførarkandidaten meiner kritikken kan vera ein av grunnane til at partiet har slite med å få folk til å engasjera seg politisk.

På den andre sida forstår Venstreleiaren godt at mange reagerer negativt når politikarane må ty til drastiske og upopulære verkemiddel for å få orden på kommuneøkonomien.

Men no er det tid for å sjå framover, seier ordførarkandidaten. Han gler seg til å samarbeida med dei mange nye og unge kandidatane som stiller til val neste gong. Sjølv meiner han at det ikkje er heilt urealistisk at Venstre kan få ordføraren etter valet, noko han i alle fall vil arbeida for. Men det er høgt opp og langt fram, seier Kent Are Kjørsvik Petterson, som i dag har 50 prosent jobb som trafikkleiar i Kvinnherad Taxi. Også sambuaren og mor hans er nominerte på kommunevallista.