Om livet på brislingfiske, og som pensjonist

Sommaren 1939, før Bernt Kaldestad hadde fylt 18 år, fekk han jobb som kokk på ein fiskebåt, der han laga mat til tolv mann.

Båten dreiv med brislingfiske i fjordane rundt om i Sunnhordland og Hardanger.

I dette lydintervjuet fortel den no 93 år gamle Kaldestad om tida som kokk om bord. Han må ha greidd seg bra, etter det vi kan forstå, for han høyrde aldri nokon som klaga.

Bernt Kaldestad er ein av 12 kvinnheringar som er med i boka om eldre kvinnheringar i 90-åra, og som er planlagt å koma ut i oktober.

 (Foto: Kristen Børje Hus)

(Foto: Kristen Børje Hus)