Eit langt og allsidig liv

Snart 96 år, men like klar i hovudet. (Foto: Kristen Børje Hus)

Snart 96 år, men like klar i hovudet. (Foto: Kristen Børje Hus)

Birgit Boland på Hatlestrand nærmar seg 96 år, og er det næraste vi kjem eit levande leksikon. I dette lyd-intervjuet fortel ho om korleis det var å veksa opp i Osa i Hardanger, som einaste barn i familien. Mora fødde i alt sju born, men seks av dei døydde etter berre nokre få dagar.
– Det var ein tragedie, kan du vita, seier Birgit i intervjuet. Likevel snakka mor hennar aldri om at ho hadde mista så mange barn.
Som ung jente fekk Birgit vera med budeiene til Osastølane for å passa på geitene om somrane. Seinare flytte familien til Hatlestrand, der faren kjøpte ein forfallen gard på Kirkhus.
Den første tida på skulen var vond for Birgit. Ho snakka hardingdialekt og blei erta på grunn av dialekten sitt. Læraren gjorde ingen ting for å stoppa det.
Birgit og mannen, Leif Boland, dreiv butikk på Gjermundshamn i mange år før sonen overtok. I dag har barnebarnet overteke drifta.
Birgit er ein av 12 kvinnheringar som er med i boka om eldre kvinnheringar i 90-åra, som er planlagt å koma ut i oktober.