Eit langt liv på Kaldestad

Karoline Røssland trivest i heimen sin på Kaldestad.

Karoline Røssland (snart 91) voks opp i små kår på ein liten gard på Bømlo i førkrigstida ilag med foreldre og sju søsken. Det var smått med pengar og faren var mykje ute på arbeid, slik mange andre måtte på den tida. Dermed blei det mora og ungane som tok seg av det meste heime, både ute og inne. Men Karoline minnest likevel barne- og ungdomstida som ei god tid i livet sitt.

– Eg kan ikkje hugsa at vi var utan mat nokon gong, sjølv om vi levde under små kår, seier ho.

Høyr intervjuet her:

Karoline likar å skriva, både i dagbøker og i aviser.

Karoline fortel om oppveksten, ungdomstida og tida då tyskarane kom til Norge i 1940. Då var ho i huspost hjå ein familie på Stord, og fekk oppleva dramatikken på nært hald, med skyting, luftangrep og evakuering.

I 1950 kom Karoline til Kvinnherad, som tenestejente hjå Johannes Haktorson, som dreiv butikk på Kaldestad. Her måtte Karoline òg hjelpa til når det var nødvendig. På denne tida trefte ho òg mannen sin. Ho var på dans i Friheim og fekk auge på ein flott og stram kar, Sæbjørn Røssland. Berre to år seinare gifte dei seg. I alle åra etterpå har Karoline budd i huset som mannen hadde bygt før dei to trefte kvarandre. Mannen døydde for snart åtte år sidan.

Det er vinter, så då må det fyrast i omnen.

Karoline ser i dag tilbake på eit aktivt og rikt liv, både då ho arbeidde på Husnes sjukeheim og i song- og lagslivet. Før jul låg ho på Husnestunet etter ein hjarteoperasjon på Haukeland, og opplevde helsestellet frå si aller beste side.

Godt på sjukeheimen

– Eg tykkjer ikkje synd på dei som får plass på sjukeheimen, nei, seier Karoline. Det er ingen oppbevaringsplass for gamle folk, slik nokon vil ha det til. Eg fekk god behandling av alle og hadde tilsyn av lege heile tida. God mat fekk eg òg, ja, seie ikkje det.

Utviklinga på Husnes har vore eventyrleg sidan industrireisinga på 1960-talet, slår Karoline ettertrykkeleg fast. Einaste ho tykkjer har vore negativt, er at alle butikkane på Sunde er vekke. Eg kan ikkje forstå at det ikkje skal vera plass til ein matvarebutikk der ein gong, seier ho.

– No har eg levd den lengste tida av livet mitt, og eg veit ikkje kor lenge eg har igjen, seier 90-åringen i dette lyd-intervjuet. Men ho tenkjer ikkje så mykje på slutten, det får koma når det kjem, seier ho ettertenksamt. Ho tar ein dag om gongen, og gler seg over ei god helse og at ho framleis får vera aktiv, og at ho har kjekke barn, barnebarn og oldebarn rundt seg. Strikking og skriving høyrer til hobbyane hennar.

– Eg har det sutalaust og godt no, seier Karoline Røssland.