Bonde, sjømann og innkjøpssjef

 – Livet er ikkje så verst, sjølv om helsa mi kunne vore betre, seier 90-åringen Arnfinn Ølfarnes. 

– Livet er ikkje så verst, sjølv om helsa mi kunne vore betre, seier 90-åringen Arnfinn Ølfarnes. 

Arnfinn Ølfarnes frå Utåker kan sjå attende på eit rikt liv, både som sjømann, innkjøpssjef og bonde. I leiligheten sin i Panorama Senter på Husnes, der han har god utsikt til aluminiumverket, reflekterer han no mest over det som har vore, og mindre over det som skal koma; slutten på livet.

Høyr intervjuet her:

– Eg er nøgd med livet eg har levd, og gler meg over å ha fått vore med og skapt noko her i Kvinnherad, seier 90-åringen i dette lydintervjuet. Han gløymer ikkje tida på SØRAL, og håpar at B-hallen snart kjem i produksjon igjen. Prisane er i alle fall på veg opp no, har han registrert.

Den tidlegare innkjøpssjefen er fødd og oppvaksen på eit lite småbruk på Ølfernes og budde der saman med foreldre og fire søsken. Garden gav føde til fem kyr, ein hest og borti tretti sauer. Og som vanleg var på den tida, måtte ungane tidleg læra seg å arbeida. Leik og anna moro vart det mindre av. Dessutan var det ikkje vanleg å gå nokon stad etter det som var rekna som vanleg arbeidstid. Men så var det då heller ikkje noko stort lagsliv på Utåker den gongen, etter det 90-åringen kan minnast. Først då han etter konfirmasjonen byrja på den nyskipa realskulen på Valen fekk han skikkeleg kontakt med andre ungdommar.

Den gamle innkjøpssjefen har tru på framtida for SØRAL. Frå stoveglaset har han god utsikt til sin gamle arbeidsplass.

Etter eitt skuleår på Valen gjekk han det siste året på realskulen i Skånevik, og gjekk til sist opp som privatist i Haugesund etter å ha sykla den ni mil lange vegen til sildabyen.

Utdanning og arbeid

Etter militærteneste både i Norge og i Tysklandsbrigaden tok Ølfarnes telegrafisteksamen og reiste i utanriksfart i 14 månader før han byrja på handelsskule i Bergen. Deretter venta studiar ved Handelshøgskulen i tre år. Han fekk jobb i eit reiarlag i Oslo, og etter kvart enda bondesonen frå Utåker opp i New York, der han var i tre år saman med kona og borna. Medan dei var der, kom tilbodet om jobb som innkjøpssjef på SØRAL, og familien flytte heim og busette seg på Ølfernes.

Arnfinn likte seg godt på aluminiumverket. Forutan å vera innkjøpssjef, fekk han seinare også ansvaret før økonomiseksjonen ved verket. Oppstarten frå 1965 og utover var ei hektisk nybrotstid for alle, både for dei som hadde arbeidet sitt der og for samfunnet rundt. Ølfarnes minnest dei første åra som ei tid med store omveltningar, stort gjennomtrekk av arbeidarar, ein del bråk og mykje nytt som skulle lærast.

Men etter kvart byrja det meste å normalisera seg både på verket og i bygda elles. Arnfinn er glad for å ha fått vore med på å byggja opp ein så stor arbeidsplass i Kvinnherad. Verre er det å sjå at den eine hallen framleis ikkje er i drift. Men den gamle innkjøpssjefen har tru på framtida for verket. Han er endåtil oppdatert om aluminiumsprisane på Børsen.

Eit godt liv

Arnfinn ser også tilbake på eit liv som småbrukar på Ølfernes. Han overtok garden medan han enno arbeidde på SØRAL og dreiv bruket attåt jobben ved aluminiumverket. Det kunne bli lange dagar, spesielt når han måtte ut og reisa. I dag ser han tilbake på denne epoken av livet sitt som ei svært fin tid. Småbruket gav også kjærkome sysselsetjing etter at han vart pensjonist.

90-åringen har likt seg godt på Utåker i alle år, og har framleis gode vener der. Han har vore aktiv både i musikklaget, i Sjømannsmisjonen og i bedehusstyret. Nyleg vart han takka av i musikklaget etter 48 år som revisor!

No har yngre krefter overteke garden på Ølfernes, medan Arnfinn har flytta til Panorama Senter på Husnes. I den lyse og fine leiligheten trivst han godt og kjenner seg ikkje åleine. Ferdig middagsmat for heile veka får han levert på døra to gonger i veka av frivillige frå Dill AS på Halsnøy.

– Livet mitt er i grunnen ganske greitt som det er no, men helsa mi kunne jo vore betre, seier 90 år gamle Arnfinn Ølfarnes.