97-åring trivest i eigen heim på Sunde

Trygve W. Eikeland bur i eigen heim og greier seg stort sett på eiga hand. Løa i bakgrunnen og hovudhuset vart bygt av far hans.

– Så sant du slepp unna alvorlege sjukdomar og får behalda ei nokolunde tilfredsstillande helse, er det ikkje så ille å bli gammal. Det seier snart 97 år gamle Trygve W. Eikeland på Sunde. At høyrsel og syn er vorte litt dårlegare med åra, plagar han ikkje så mykje. Verre er det at han på grunn av ein dårleg rygg ikkje får stelt eigedomen sin lenger slik han ønskjer – før han fer herifrå.

Høyr intervjuet her:

Dessutan plagar det han at ungane hans har sine eigne hus på kvar sin kant av landet, og at heimen hans dermed kan koma på andre hender når han er borte. Den tanken likar ikkje Trygve.

Vi møter den gamle snikkaren, forretningsmannen og bygningsrådsleiaren i heimen hans på Opsanger, eit steinkast opp frå vatnet og med utsikt til Kaldestadåsen og Husnes. Det flotte gamle huset og løa på det vesle småbruket vart i si tid bygt av far til Trygve. Her førde han og kona, Dagny, slekta vidare og her vil Trygve bu så lenge han greier.

Med makt

– Må eg flytta herifrå, så må det skje med makt, seier mannen, som i dag kan sjå attende på eit rikt og interessant liv i yrkesliv og politikk. Om høyrsels- og synssansane er dårlegare enn før, fungerer hovudet bra når han fortel om sitt lange og levde liv.

I dette lydintervjuet fortel Trygve om dramatikken han opplevde i Bergen under siste verdskrigen, blant anna då han heldt på å bli skoten av tyskarane. Mykje av det som hende den gongen vil 97-åringen helst berre gløyma.

Vedfyring høyrer med til dagens gjeremål om vinteren.

Då likar han betre å snakka om då han arbeidde på verven og på Gravdal sin butikk på Skjeret. Der var han i 20 år før han fekk jobb som butikksjef i Husnes Elektro, i det første butikksenteret på Husnes. Medan han var der fekk han vera med på planlegginga og seinare oppbygginga av Torghuset, eit prosjekt mange meinte ikkje hadde livets rett.

– Men der tok dei skammeleg feil, seier Trygve Eikeland, som i dag ser tilbake på den tida som gode og interessante år i livet sitt. Hadde ikkje SØRAL kome til Husnes på 1960-talet, hadde bygdene her vore så å seia avfolka i dag, meiner han. Det var eit gode for heile kommunen at aluminiumverket vart etablert på Husnes.

Bygningsrådet

Trygve var leiar i Kvinnherad bygningsråd i mange år og har også ein periode i kommunestyret bak seg. Gjennom dette arbeidet kom han i kontakt med mange kjekke menneske. Den dag i dag kan folk koma bort til han når han er på butikken for å helsa på. Det set han stor pris på.

– Det er viktig for gamle folk å koma seg ut og sjå andre menneske og gjerne slå av ein prat om gamle dagar, seier Trygve W. Eikeland.

Han er glad for at bygdestriden mellom Husnes og Rosendal no så å seia er lagt død, og at det ikkje lenger er noko særleg snakk om at Kvinnherad sitt rådhus bør liggja i industribygda. Det betyr ingen ting kor rådhuset ligg, seier han.

Trygve har postkasse i tunet og følgjer enno godt med på kva som skjer i samfunnet.