Ein ekte kvinnhering i Hardanger

Ovidia Jaastad, snart 102 år, trivst på Utneheimen.

Ovidia Jaastad, snart 102 år, trivst på Utneheimen.

Ovidia Jaastad (101 år) har budd i Hardanger sidan før siste verdskrigen. Likevel er ho kry over at ho framleis kjenner seg som ein ekte kvinnhering. Vi har møtt henne på Utneheimen, der ho har budd dei siste fem åra. Her har ho det trygt og godt på alle måtar; får godt stell av kjekke og flinke pleiarar og middagsmat frå eige kjøken kvar dag.

– Ein kan ikkje betre ha det når ein er så gammal, seier den utflytte kvinnheringen med jentenamnet Helvik, og opprinneleg frå Sunde.

Høyr intervjuet nedanfor.

Ovidia har vove rundt 100 veggteppe i ulike variantar i løpet av sitt lange liv. Vevkunsten lærde ho seg då ho arbeidde på Halsnøy i 16- – 17-årsalderen.

Då Ovidia var 16 år reiste ho frå Uskedalen til Halsnøy som tenestejente hjå ein lærar på jordbruksskulen. Månadsløna var 15 kroner, hugsar ho. Her fekk ho også læra seg både å hekla og veva, to yrkesfag som kom til god nytte seinare i livet. Våren 1936 søkte ho jobb på ein fruktgard i Hardanger, og der var løna tretti kroner i månaden. På Jåstad her trefte ho òg Amund, mannen som ho gifte seg med i Uskedal kyrkje i 1938. Dei fekk 64 år ilag på fruktgarden Ulskjer på Jåstad, og fekk tre born.

Fine barne- og ungdomsår

I dette lydintervjuet ser Ovidia attende på oppvekst og ungdomstid i Uskedalen som gode og kjekke år ilag med foreldre, bror og ei søster. Den første tida gjekk ho på skule på Haugland, med flinke lærarar. Dei var ikkje som i dag, seier ho, og trekkjer spesielt fram songen om morgonen og då skuledagen var slutt som ein god skikk, som no dessverre er borte.

Ovidia har vore flittig med hendene i sitt lange liv, og har blant anna vevd om lag 100 ulike veggteppe. Ho har òg drive med hekling i livet sitt. 14 sengeteppe totalt er det blitt opp gjennom åra. Og enno får ho bruka hendene sine til handarbeid, etter at ho fekk operert augene sine for grå stær. Så no går strikkepinnane jamt og trutt i fanget til Olivia på Utneheimen.

Hardt arbeid og eit sunt levesett gjev eit langt liv

Når folk kjem opp i ein så høg alder som Ovida Jaastad er i no, får ein ofte spørsmål frå journalistar og andre om kva dei har gjort for å bli så gamle. Den tidlegare uskedalsdama har eit klart svar på det:

– Eg har arbeidd mykje, og det blir ein ikkje dårleg av. Dessutan har eg levt sunt, har ete mykje frukt og grønsaker og har korkje smakt alkohol eller røyk.

101-åringen har også halde på trua ho fekk i barneåra og er av den grunn ikkje redd for det som skal koma. Difor syt ikkje Ovidia over noko, ho tar ein dag om gongen – og gler seg over kvar morgon ho får slå opp augene på Utneheimen. 

I august blir den åndsfriske dama frå Uskedalen 102 år. Men akkurat det er ho ikkje så mykje oppteken av i dag. Ein veit aldri kva tid det er slutt, seier ho.

Senga på Utneheimen er fint stelt med eitt av dei mange sengeteppa Ovidia har hekla.