Har vore døden nær to gonger

Kari og Håkon vart kjærastar allereie i 15-årsalderen, og gjekk på skule ilag. Begge to har vore alvorleg sjuke, men no ser dei fram til gode og mindre strevsame år framover.

Håkon Røssland frå Husnes har vore døden nær to gonger i livet sitt, og det er nesten utruleg at han overlevde den siste gongen – i september 2016 – då han fekk hjarteinfarkt med påfølgjande hjartestans i tjue minuttar. Men allereie tre dagar etter fødselen i 1948, heldt han på å dø. Den vesle guten hadde fått skarlagensfeber med 42°C i feber og ingen trudde at han kom til å overleva. Difor vart det i all hast arrangert dåp i Bogsnesteigen, der han fekk si første kyrkjelege velsigning.

Klikk nedanfor og høyr intervjuet.

Godt og vel 68 år seinare er det nære på for Håkon, som i januar same året måtte gå til skifteretten og be om oppbod for firmaet sitt. Fleire tilfeldigheter og rask innsats frå kona, ein son og helsepersonell både på Husnes og i Bergen, gjorde at han i dag er i live og kan fortelja historia si her på Skimtvis.net.

Det var her ved båten i Røsslandsvikjo Håkon fekk hjarteinfarktet.

Situasjonen var så kritisk at det like gjerne kunne vorte slutten då hjarta hans stoppa etter hjarteinfarktet. Sjølv meiner Håkon at han var så å seia død, men noko «nær døden»-oppleving kan han likevel ikkje hugsa. Alt var berre svart, fortel den no snart 70 år gamle bedriftsleiaren i dette lyd-intervjuet.

Hjarta stoppa

Det var ein tidleg septemberdag i 2016, medan Håkon heldt på med noko arbeid ved naustet sitt i Røsslandsvikjo det byrja; han fekk hjarteinfarkt. Han hugsar lite av sjølve hendinga, men på eit eller anna vis kom han seg inn i bilen sin og køyrde heim, der han fekk lagt seg på sofaen i stova. Ikkje lenge etterpå stoppa hjarta. No sto det verkeleg om livet.

Kona og eine sonen kom til ganske snart, nesten litt tilfeldig, og fekk varsla AMK-sentralen, som gav kunnig hjelp om kva dei skulle gjera. Nokre få minuttar seinare kom også sjukebil med lege frå Husnes helsesenter og overtok. Men dramatikken sluttar ikkje der; luftambulansen som var rekvirert frå Bergen var oppteken i anna oppdrag, og dermed måtte ein få helikopter frå Stavanger. Det gjorde situasjonen endå verre for pasienten.

Var frisk!

– Alt som skjedde er nesten utruleg, seier Håkon Røssland når han no oppsummerer livet sitt gjennom dette lyd-intervjuet. At han skulle få hjarteinfarkt og hjartestopp kom som ei stor overrasking, etter som han berre kort tid i førevegen var komen heim frå Bjørnefjorden Hjertesenter med beskjed om at han ikkje feilte noko som helst.

G. Røsseland Entreprenørforretning AS hadde mange ulike oppdrag både i Kvinnherad og utanom. (Privat foto).

Håkon er fødd og oppvaksen i Bogsnesteigen på Husnes, og skildrar dei første barneåra som ei fantastisk tid. Foreldra hadde eit lite småbruk med nokre få kyr og sauer. I 1952 kjøpte far hans, Gunnar, si første gravemaskin og etablerte enreprenørfirmaet G. Røsseland AS. Langt på veg var Håkon si framtid allereie då staka ut, noko han fekk klar beskjed om allereie i 16-årsalderen. 

– Då vart eg førespegla kva liv eg hadde i vente, minnest Håkon. I dag kan han sjå tilbake på opp- og nedturar gjennom 46 år i sitt aktive yrkesliv.

Branntropp

Utanom mange år i anleggsbransjen, fekk Håkon også tid til å ta del i litt andre aktivitetar i heimbygda. Til dømes var han med og bygde opp det kommunale brannvernet på Husnes, der han var med i heile 20 år. Han var også varamann til kommunestyret i perioden 1981 – 1985 og møtte nokre få gonger. Men han var eigentleg ikkje særleg interessert i politikk, ikkje hadde han tid til det heller. Det var arbeidet som opptok Håkon aller mest både i ungdomstida og i vaksen alder, fortel han i intervjuet.

Elles fortel den tidlegare entreprenøren om tida som vokalist i popbandet The Tempers på Husnes. Han hadde godt gehør og likte å syngja, men tida som musikar varde likevel ikkje særleg mange år. Nokre spelejobbar her og der fekk han likevel med seg ilag med Knut Prestnes og andre.

Vil leva

I februar neste år blir Håkon 70 år og reknar med å få leva i mange år enno. Den dramatiske hendinga for snart eitt år sidan prøver han å leggja bak seg. Ikkje hugsar han så mykje av det heller. Han går ikkje rundt og tenkjer på kor gale det eigentleg kunne ha gått. Ikkje vil han tenkja så mykje på motgang, ansvar og slit i dei 46 åra han arbeidde i entreprenørbransjen heller. Krefttilfellet han var borti for fem år sidan er han ferdig med. No håpar han berre å få reisa meir, ilag med kona si, Kari. Dei to vart kjærastar allereie i 15-årsalderen. I intervjuet gjev han henne og sonen Gunnar mykje av æra for at han i dag er i live. 

– Hadde ikkje dei to, nærast litt tilfeldig, vore heime den morgonen eg vart sjuk, ville eg ikkje site her i dag, seier Håkon ettertenksamt. Han fryktar ikkje å skulle døy ein gong, og trur absolutt ikkje på noko liv etterpå. Er det slutt, så er det slutt, seier han med fynd.