Om skimtvis

31. mai i år sette vi punktum for HusnesNett etter vel fem og eit halvt års drift. Før det brukte eg det meste av tida mi på innsida.no (2003 – 2008). Dei blei til saman godt og vel 10 svært interessante år på nett, der eg fekk oppleva både opp- og nedturar.

Det absolutt kjekkaste var tida etter etableringa av dei to nettstadene og den aukande interessa frå lesarane for kvar dag som gjekk. Det var ein opptur, og ei tid eg minnest med stor glede. Og utan å framheva eigen skapartrong og innsats, må vi kunna seia at innsida.no var den leiande nettavisa i Kvinnherad i fleire år, takka vere god hjelp av dyktige medarbeidarar. Kommunevalet i 2003 vart langt på veg gjennombrotet for denne typen nyhendeformidling her i kommunen.

Lokal-TV

Då vi skulle etablera eit lokalt TV-tilbod i Kvinnherad, etter initiativ frå det kommunale breibandselskapet opplevde vi ein liten nedtur. Portalen som selskapet hadde satsa på vart sterkt forseinka, og Innsida AS var på veg mot stupet då inntektene svikta og finansieringsavtalen gjekk i vasken. Men det kom til ei ordning, og drifta av nettstaden heldt fram til dess Haugesunds Avis overtok selskapet i 2007. Året etter kom HusnesNett.

I ettertid er det lett å sjå at planane om ein lokal TV-portal kom 10 år for tidleg. Det vart for kapitalkrevande og KBand trekte seg frå samarbeidet. Og i dag er situasjonen den at «brent barn skyr elden»!

Men no er det tid for å tenkja nytt. Eller sagt på ein annan måte: Gamleredaktøren er råka av abstinens etter berre tre månader. 10 år på nett var ikkje nok, skulle det visa seg! Å sitja stille og berre sjå seg tilbake, ligg ikkje for meg. Dessutan saknar eg det pulserande medialivet trass i at eg har passert 70 år – og andre hobbyar har eg ikkje.

Fri for tidspress

Men denne gongen legg eg ikkje opp til noko avis på nettet, som må fyllast med daglege nyhende. Eg vil vera fri til å gjera det eg vil, når eg vil, og kunna reisa på turar i inn- og utland utan å måtta tenkja på at sida skulle vore oppdatert.

Innhaldet på sida skal først og fremst ha tilknyting til Kvinnherad, og vera ein uformell stad der eg vil visa glimt av det som rører seg i kommunen vår – med ujamne mellomrom.

Eit anna utgangspunkt er at folk i min alder har ein tendens til å sjå bakover. Difor kjem sida mi til å innehalda ein god del bilete frå tidlegare tider, men sjølvsagt òg av nyare dato. Lyd-sakene kjem til etter kvart, like eins eit og anna videoinnslag, om eg får det til. Dessutan håpar eg at sida skal bli ein kulturberar og vera med og løfta fram litt av alt det positive som skjer i kommunen vår på dette området.

«Vegen blir til mens vi går» heitte det då HusnesNett såg dagens lys i 2008. Slik blir det her òg. Så får vi sjå kva det blir til etter kvart, avhengig av helse og arbeidslyst. Her er i alle fall nok å ta tak i.

Velkommen som lesar!

Husnes, 4. september 2014.

Kristian Hus

Eg ser både bakover i tid og framover...

Eg ser både bakover i tid og framover...

 

Kontakt:

kristian.hus@knett.no
Tlf 995 20 864


Siste artiklar


Siste publiserte bilete