17. mai-tale på Halsnøy

På nasjonaldagen hadde eg gleda av å halda tale for dagen ved Halsnøytunet. På oppfordring legg eg talen ut her på Skimtvis.

Godt folk!
Gratulerer med dagen, Norge sin geburtsdag.
I dag er det 203 år sidan landet fekk si eiga Grunnlov på Eidsvoll.

Det er det vi først og fremst markerer kvart år den 17. mai. Vi må vera stolte og takknemlege for at vi kan feira ein slik dag, spesielt her på vakre Halsnøy.
Grunnlova er blitt eit samlande symbol for fridom, sjølvstende og demokrati.

Lova vart starten på det moderne norske demokratiet; med folket i sentrum for styringa av landet.
17. mai markerer også meir enn 200 år med fred mellom dei nordiske landa. Fram til 1814 hadde Sverige, Danmark og Norge jamleg lege i krig med kvarandre i mange hundre år, i ein langvarig kamp om makt og innflytelse.

I Kvinnheringen på fredag hadde dei lista opp 10 stikkord til hjelp for dei som skulle halda tale på 17. mai. Avisa føreslo at vi kunne snakka om:

Vêret
Krigen
Freden
Folket
Toget
Bygda
Dugnad
Bunad
Pølser
Kroneis

Eg vil fokusera på krig, fred og folk.

Dei siste to åra har eg hatt gleda av å intervjua mange eldre menneske rundt om i heile Kvinnherad, om deira levde liv. Fleire av dei bur her på Halsnøy.
Eg syns det er viktig at folk får fortalt noko av det dei har opplevd, og at nye generasjonar seinare kan lesa og høyra deira historiar.

I samtalane kjem vi ofte inn på tema som krig og fred. Det er naturleg å trekkja noko av dette fram i dag.

Aslaug Sjo er ei av dei, sjølv om ho ikkje nett høyrer til dei eldste, ho er berre 82 år. Ho har skildra levande då ho som 5 – 6-åring, ilag med mor si og ei søster, måtte ro for livet for å unngå å bli råka av bombene som engelske fly sleppte over Slåtterøy fyr i Brandasund under siste verdskrig.

Og ikkje berre det; dei måtte òg passa seg for alle minene som fienden hadde lagt ut i fjorden.

Johannes Johnsen, også han frå Halsnøy, er snart 92 år. Det sterkaste minnet han har frå krigens dagar er då tyske soldatar kom på rassia i heimen deira på Sjo etter ein skyteepisode på Sunde. 

– Hadde dei funne geværet som far min hadde gøymt på loftet, ville vi blitt skotne på flekken, fortel Johannes i intervjuet.

Men både Aslaug og Johannes og mange andre, har også gode minne frå den tida, og nemner spesielt to dagar våren 1945. Aslaug gløymer til dømes aldri den store flaggstonga og det store norske flagget på den vesle øya ho voks opp på, etter at fienden hadde kapitulert den 8. mai.

Seinare i livet har både Aslaug og Johannes fått oppleva desse to mai-dagane mange gonger. Dei veit kva fred og fridom betyr. Mange eldre meiner det er minst like viktig å feira den 8. mai, dagen som sidan 1945 har vore sjølve fredsdagen i Norge. 

Det kan eg vera enig i, for det er ikkje sjølvsagt at vi i framtida får ha det like fredeleg som no. Difor må vi ikkje bli likegyldige i høve til kampen for fred.
Det er viktig å verna om demokrati og fridom kvar einaste dag og ikkje la vonde krefter få sleppa til.

De som er barn og unge må vera ekstra på vakt, spesielt i høve til problemet som rir Europa som ei mare for tida; radikalisering og terror.
Vi har sett det i Paris, i Nice, Berlin, Stockholm – og i Oslo. Og mange spør seg; kor slår terroristane til neste gong? Skjer det her hos oss?

Det virkar kanskje litt usannsynleg, men la oss vera årvakne og gje dei vonde kreftene motstand, slik mange nordmenn gjorde under siste verdskrigen.

Vi må likevel ikkje gå rundt i frykt, og la øydeleggjande krefter få styra kvardagen vår. «Frykt ikkje», står det mange stader i Bibelen. Det får vi leva etter.

De som bur her på Halsnøytunet har gått føre, og vist oss kva fred og fridom betyr for oss alle. I dag ønskjer eg spesielt dykk ein hyggeleg 17. mai, og ein fin livskveld her på heimen. 
Vi skal aldri gløyma dykkar innsats i samfunnet, og kva de har betydd for folk og land, og familiane dykkar. På Nasjonaldagen er det viktig at vi tenkjer over dette.

Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brødre saman bu,
som kristne det kan seg søma.

Takk for at de høyrde på meg!

Kristian Hus

Etterlyste feiaren – på rim

Det kan svara seg å skriva brev til det offentlege på rim.

Det er mangt som kjem for ein dag når ein stundom tek seg tid til å rydda i skuffer og skap. Her er eit døme på det.
Ein lesar av Skimtvis har funne eit gammalt brev i arkivet sitt, som dei tidlegare eigarane av Lundagarden på Husnes, Johan og Unni Hoelfeldt Lund, skreiv til Feiarmeisteren i Kvinnherad hausten 1973. I brevet, som er skrive på rim, ber dei om at feiaren må koma og gjera jobben sin. Trass i to telefonar til kommunehuset i Rosendal, hadde dei ikkje sett snurten til han.

– Jeg venter med lengsel og håp så stor, at du til Onarheim på Husnes vil komme før høsten nu er omme, skriv Unni Hoelfeldt Lund.

Kommuneingeniøren i Kvinnherad, Olav Birger Espeland, fekk kopi av brevet og svarer nokre dagar seinare. Og han er ikkje verre enn folket på Lundagarden; han svarer på rim, han òg.

– Bønner på verseføtter går rett i våre hjerterøtter, feieren kommer før det blir sommer, skriv Espeland. Og som eit lite PS opplyser han om at brevet er skrive «med serskilt løyve frå Målførenemnda, jfr. lov om åndsverk».

Korleis det gjekk med feiinga på Lundagarden denne hausten for snart 44 år sidan, seier soga ingen ting om.

kh.

– Må aldri gløyma 9. april!

– Folk var i sjokk, seier Bernt Kaldestad. (Arkivfoto: Geir Remme)

– Folk var i sjokk, seier Bernt Kaldestad. (Arkivfoto: Geir Remme)

Bernt Kaldestad minnest enno krigsutbrotet 9. april 1940. Han hugsar avskræmde naboar, som rømde husa sine medan krigshandlingane føregjekk på fjorden utanfor heimen sin.

Det stod dårleg til med det norske forsvaret då tyskarane angreip landet vårt, og utstyret til dei som vart innkalla til teneste var òg så som så. Bernt Kaldestad hugsar til dømes enno at han om morgonen 9. april måtte sy solar under beksømstøvlane til eit familiemedlem som skulle til Voss for å kjempa.

– Det måtte skje i all hast før han reiste, fortel Bernt.
 

Tok det ikkje alvorleg

Folk flest trudde nesten ikkje det dei såg og høyrde aprildagane i 1940. Og få hadde teke meldinga i Gula Tidend nokre dagar tidlegare, om at ein flåtestyrke frå Tyskland var på veg gjennom Storebælt med kurs for Norge, skikkeleg på alvor.

– Folk var i sjokk, fortel Bernt Kaldestad om det han hugsar etter krigsutbrotet.
 

Arbeidsleir

Han vart seinare innkalla til arbeidsleir i Skjold i Rogaland, men deltok aldri i krigshandlingar. Det kan han truleg takka motstandsmannen Gunnar Sønsteby og andre norske sabotørar for. Dei sprengde Arbeidsmobiliseringa sine kontor i Oslo.

 – Arkivet med papira våre fauk vel til himmels under sprenginga, skrattar Bernt Kaldestad i dag. Han meiner Sønsteby & Co. gjorde eit meisterverk den gongen.

I år er det 77 år sidan den tyske okkupasjonen av Norge. Det er ein dag vi aldri må gløyma, seier Bernt Kaldestad. Men likefullt må vi heller aldri gløyma 8. mai 1945 då Norge igjen blei eit fritt land.

Les meir om den tyske okkupasjonen her

Mimring om barndommen

BARNDOMSMINNE: Fire doble syskjenborn, Ragnhild og Aud Karin Bjelland, Knut Ragnar Gausvik og Olaf Agnar Gausvik. Biletet er teke i Omvikdalen i samband med gravferda til bestefar deira, Knut Gausvik.

DEN GONG DÅ
Tone: Vi tar en rungende...

Eg hugsa godt då eg va' liten gut
at adle vaksne såg so gamle ut,
og at dei klaga seg for verk og gikt,
men gjorde alltid meira enn si plikt.

Dei unge gifta seg når dei va' nødt,
og adle bodno dei va' heimafødt.
Om badnahage va' da ikkje snakk,
vi berre heldt oss fast i mor sin stakk.

Og snottaunga, dei fekk kamferklut,
vår framtid spådde vi i kaffigrut,
og vi laut læra oss å hjelpa te,
og bygdaslarvet sku vi teia med.

Vi måtte eta da so va sett fram.
Å ikkje lika noke, da va skam,
om da va lutafisk og komledott,
so sku da svelgjast som om da va godt.

All vask og reinhald va ein evig kamp
for badekaret vårt, da va ein stamp,
og nesten adle hadde utedo
med hardt avispapir og plass te to.

So mongt eit klesplagg da va omattsytt
og vart so fint at da va nett so nytt,
og beksaumstøvla kunde gå i arv
heilt ner til aller yngste gutalarv.

På skule gjekk vi berre an'kvar dag,
og bibelsogo va eit viktig fag.
vi pugga alt ihop med største flid
so vi sku hugsa da te evig tid.

Kvar haust ga skulen oss potetefri,
og arbeidsløno vår va kroner ti.
Slik fekk vi samla oss litt kapital
te helselagsbasar med årasal.

I søndagsskulen va da sagt med fynd
at da va veldig mykje so va synd.
So vi ba fint te Gud kvar enda kveld,
men gjorde fantastykkje likavel.

For vi fant på so monge sprett og spel
at du vil bare tru ein liten del.
Og keisemd va for oss eit ukjent ord
so eg fekk læra fysst då eg vart stor.

Vi hadde alltid godt og lagleg vêr
når bare regnet ikkje ausa ner,
og vinden ikkje snudde på søraust
so vi laut tjora fast alt so va laust.

Men da skein alltid sol på sytt'ne mai,
og kvar ein småplass hadde dampskipskai
der rutebåten kom med last frå by'n
med alt frå hesjastreng te havregryn.

Og longs ein smal og gruslagd veg te dals
sto mjelkerampane i hundratals
for vi va bondebygd med bondeskikk
med handelsverksemd og sardinfabrikk.

Vi snakka grei og tenlig dialekt
so Ivar Aasen va for oss perfekt.
Da skjøna ingjen når vi kom te by'n,
men heldigvis har dei forandra syn.

Og mykje meira sku' eg ha fortalt,
men da e' ikkje råd å ta med alt,
so e' da noke du vil leggja te
so må du sei ifrå og få da med.

/: Ja, da va den gong då, og ikkje no
og da tok åravis før vi forstod
at da va lukkelege badnaår
om vi vaks opp i svært so enkle kår. :/

Olaf Agnar Gausvik
 

«...For vi va bondebygd med bondeskikk, med handelsverksemd og sardinfabrikk».

«...For vi va bondebygd med bondeskikk, med handelsverksemd og sardinfabrikk».

Minnelund på Husnes

Minnelunden har fått ein fin plass nær kyrkja med flott utsikt mot sjøen.

Husnes gravplass har no fått ein minnelund, som lenge har vore etterspurd. Minnelund er først og fremst tenkt som eit tilbod til dei som ønskjer ei namna grav å gå til, men som ikkje har høve eller ikkje ønskjer å setja opp eige gravminne. Med å velja ei grav på minnelunden treng ein ikkje å tenkja på stell av grav og gravstøtte.

Minnelunden har fått ein fin plass nær kyrkja med flott utsikt mot sjøen. Eit stort tre midt på plassen gir minnelunden eit vakkert preg. Steinen som er sett opp skal minna om dei mektige fjella i Kvinnherad. På steinen skal det monterast plater med namn og dato for fødsel og død på dei som vert gravlagde på minnelunden. Det er som regel urner som vert sett ned på ein minnelund, men det er òg høve til å setja ned kister.

Rekordfart

Minnelunden kom opp i rekordfart, ikkje minst takka vere vår dyktige multikunstnar Alf Jarle Langeland, som har jobba iherdig med å få minnelunden ferdig. Allereie eit par dagar etter at minnelunden stod klar, vart den første urna sett ned og den første namneplata montert.
Alle som bur i kommunen har rett til fri grav. Eingongsavgift for bruk av minnelunden er 3.000 kroner. Prisen inkluderer namneplate med montering og stell av området i dei 30 år grava er freda.

Ønskjer ein å forlengja festetida etter 30 år, gjeld vanleg festeavgift. Namneplata får då stå på steinen så lenge festeavgift er betalt.

Tekst: Erlingur Nielsson
Foto: Jan-Ove Fagerheim

(Kyrkjelydsbladet nr 1/2017)

Fitjar leiar i venskapsorganisasjonen

Septemberstemning frå sist utveksling, med Dinai García (nummer to frå venstre).

Den ideelle organisasjonen Venskap Kvinnherad – San Lucas Tolimán heldt årsmøte i Kvinnherad Bibliotek måndag 6. mars. Organisasjonen syter for at det er utveksling og samarbeid mellom venskapskommunen Kvinnherad og venskapskommunen San Lucas Tolimán i Guatemala.

Magne Fitjar er leiar i venskapsorganisasjonen.

Magne Fitjar blei attvalt til leiar i styret og med seg har han Eva Refvik, Steinar Haugan, Oddvar Larsen, Ragnhild Røstbø (vara), Randi Elisabeth Bjelland (vara), Linda Øen (utpeikt av kulturkontoret) og Ingrid Handeland (politisk vald).

På årsmøtet deltok Diani García med songar frå heimlandet sitt, Mexico. Seinare heldt Ragnhild Røstbø eit engasjerande føredrag supplert med lysbilete om stipendelevane i studiar og fest, gjennom snart ti år. Mellom dei unge kvardagsheltane som vart trekte fram var Yosselin med foreldre og ein liten veslebror, under avgangsfesten for utdanninga hennar: tospråkleg lærar; Dany, Lleral og Wilson, tre nye rekneskapsførarar i San Lucas Tolimán; Angélica, nybakt mor og om lag samtidig nyutdanna tospråkleg sekretær.
Orda til Malala Yousefzai står prenta som avslutning i årsmeldinga frå Stipendfondet: «One child, one teacher, one book and one pen can change the world. Education is the only solution.»

Magne Fitjar
referent

Sola har «snudd»

Vi kan sjå fram til lysare tider! (Illustrasjonsfoto)

Vi kan sjå fram til lysare tider! (Illustrasjonsfoto)

Etter dagar og veker med regn frå morgon til kveld, blir det litt meiningslaust å snakka om at sola «snur». Men slik er det faktisk, for onsdag 21. desember er det vintersolkverv, trass i at sola er usynleg – i alle fall for oss.

Vintersolkverv eller vintersolsnu er den kortaste dagen i året, og er alltid ein del av vinteren, uansett kva vêr vi har. Kvervet skjer når den nordlege eller sørlege halvkula har størst helling vekk frå sola. I nord er dette gjerne den 21. eller 22. desember og i sør den 21. eller 22. juni.
På den motsette halvkula vil same dagen vera sommarsolkverv.

Hendinga er blitt markert som byrjinga på vinteren nokre stader, til dømes i Kina, der festivalen Dong Zhi fell på denne dagen. I det nordlege Europa har dagen derimot vore sett på som midtvintersdagen, som ein lenge har feira med jul.

Folketru

Det er mange gamle tradisjonar og folketru knytta til vintersolverv, og mykje kunne gå gale denne dagen. Difor skulle det korkje spinnast, kjernast eller gjerast noko arbeid som gjekk rundt og rundt. Nokon trudde endåtil at horna på kyrne losna og at vatn vart til vin då sola snudde.

Mange meinte òg at det kom mildvêr denne dagen, den såkalla kakelinna, eit ord som kom av bakinga til jul. Men den 21. desember skulle ein helst ikkje baka.

På den andre sida var det ein god ølbryggjingsdag og det var gunstig å skvetta litt øl på peisen fordi den då ville trekkja betre.
 
Å feira at sola snur eller kjem att, har vore vanleg blant mange folkeslag og på mange stader.

Nokon undrast på om vintersolkverv skjer til same tid kvart år. Svaret er nei, for det er ein viss variasjon i klokkeslettet frå år til år. Vintersolkverv kan faktisk gå føre seg både 21. og 22. desember, medan kalenderen opererer med den første datoen av praktiske grunnar.

(Framsidebiletet: Atle Helland).

Blikk på eldreomsorga i Kvinnherad

Sverre Bjørnevik har byrja salet i Spar Sæbøvik.

Ei ny bok ser nærare på livet ved aldersheimane i Kvinnherad. Frå heim til heim er no til sals hjå bokhandlarar og mange butikkar rundt om i kommunen.

Skribent Kristian Hus og sonen Kristen Børje, som er fotograf og grafisk designar, gav i 2015 ut boka Godt vaksen, med portrett av tolv eldre over 90 år i Kvinnherad kommune. No kjem oppfølgjaren; Frå heim til heim, der vi også denne gang ser på livet til nokre av dei eldste blant oss. Men i år har vi gått inn på alle alders- og sjukeheimane, og sett nærare på kvardagen der. Vi får høyra frå bebuarar om livet på heimen, men òg frå pleiarar, leiarar, pårørande, friviljuge og andre, som meiner noko om institusjonane.

Mange av dei eldre i Kvinnherad bur gjerne på ein alders- eller sjukeheim – og avsluttar ofte livet der. Alle kjenner vi nokon som bur på ein slik heim, enten i nær familie eller litt lengre unna. Men få av oss veit noko særleg om buforholda, arbeidsoppgåvene, stemninga, middagane, underhaldninga, politikken og økonomien. Frå heim til heim freistar å kasta eit lite blikk på desse temaene, og utfordrar oss til å tenkja over korleis dei eldre bør ha det.

Ei reise

Frå heim til heim er ei reise frå ein type heim til ein annan.

Boka er også ei reise frå ein alders- eller sjukeheim i éi bygd til den neste. Vi er innom Husnestunet, Halsnøytunet, Rosendalstunet, Ølve alderspensjonat, Varaldsøy aldersheim og bufelleskapet Utåker eldresenter.

Boka vil etter kvart vera i sal på følgjande stader:
Kvinnherad Libris Husnes
Rosendal Bokhandel
Spar Sæbøvik
Joker Ølve
Varaldsøy Handel
Fjelberg landhandel
Spar Uskedalen
Spar Hatlestrand
Nærbutikken i Åkra

Flott sherpasti til Malmangernuten

(RT-bilete frå sluttrappporten)

(RT-bilete frå sluttrappporten)

Rosendal Turnlag si turgruppe med Kåre Eik og Morten Nygård som føregangsmenn, er i mål med nok eit flott og imponerande prosjekt; ein 237 meter lang sherpasti opp mot Malmangernuten.

Arbeidet med dei 591 trappetrinna tok vel fire veker, og vart i hovudsak utført av fire fagfolk frå Everest-regionen i Nepal. Også turlaget sine medlemmer har delteke, med til saman 340 dugnadstimar.

Prosjektet er gjennomført i samarbeid med Kvinnherad kommune, medan Kåre Eik hadde den daglege oppfølgjinga. Rekneskapen viser at stien har kosta 610.000 kroner, og det aller meste er finansiert gjennom gåver frå mange bedrifter, organisasjonar og private.

– Sherpaene har etter kvart fått internasjonalt ry på seg for å vera verdas beste stibyggjarar i bratt lende. Også denne gongen har det vore ei stor glede og ære å bli kjent med desse heidersfolka frå ein framand kultur. Ikkje berre er dei handverkarar av ypparste klasse, men samarbeid om planleggjing og organisering har vore gjort på ein praktisk og ærleg måte, i stor tillit til kvarandre, heiter det i sluttrapporten frå prosjektet.

Les heile rapporten her

Flottaste ferjetur i Hordaland

(Foto: Terje Eikemo)

Etter at NRK Hordaland i sommar har farta rundt og testa alle sambanda i fylket, er vinnaren no kåra: MF «Kvinnherad» i sambandet Utåker – Matre – Skånevik byr på den absolutt flottaste ferjeturen. Stor stas, seier kaptein Ørjan Handeland på vegner av heile mannskapet.

Etter 19 fine og mindre fine ferjeturar i Hordaland, er domen frå ferjemeldar og NRK-reportar Oddgeir Øystese klar. «Kvinnherad» skårar best på service og fasilitetar, med ein kafé som byr på heimelaga vaflar, sveler og potetstappe, i tillegg til komlemiddag kvar torsdag, seier Øystese på statskanalen si nettside.

Han gir i tillegg plusspoeng for frosta HSD-logo på glasdører i salongen, og det faktum at bilane må rygga på ferja ved Matre kai.

Totalt fekk dette ferjesambandet 27 av 40 moglege poeng. Ferja i sambandet Sydnes – Utbjoa – Borgundøy – Fjelberg kom på ein sterk 3. plass, eitt poeng bak vinnaren.

– Det er stor stas å få så mykje skryt, det betyr noko for oss og det er veldig kjekt, seier kaptein Ørjan Handeland, og legg til at han har ein flott gjeng om bord, som gjer ein god jobb.

Sjå karakterane til alle ferjesambanda her

Kvinnherad – ein brunsnigelkommune

Den "forhatte" brunsnigelen likar seg godt i Kvinnherad. (Kart: VG)

Dei nye «kvinnheringane».

Både fastbuande og tilreisande likar seg godt i Kvinnherad. Det veit alle. Derimot er det ikkje så kjekt at brunsnigelen også trivst så godt her. Ja, faktisk så godt at vi er heilt på topp i landssamanhang. Det viser ei kartleggjing som avisa VG har utført.

– Kombinasjonen av fuktig klima og milde vintrar skapar gode forhold for brunsniglen. Problemet er klart verst langs kysten på Vestlandet og på Austlandet, seier Bjørn Arild Hatteland, snigleekspert og forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi til VG. Avisa har kartlagt kva for ein kommune der problemet er størst. Kvinnherad er i toppsjiktet.

Brunsnigelen kom via planteimport i 1988, truleg frå Frankrike, til byar på Sør- og Vestlandet. Sidan har han spreidd seg over nesten heile landet, ifølgje kartleggjinga VG har gjort. Sjølv om det vesle krypdyret førebels ikkje er eit stort problem i dei nordlege fylka, er han registrert i både Nordland og Troms, skriv avisa.

Spreier seg fort

– Brunsnigelen spreier seg fort, og har kome utruleg mange stader på dei 25 åra han har vore her, seier Bjørn Arild Hatteland, snigleekspert og forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Han fortel til VG at snigelen trivst best i bustadområde, og er særleg plagsam for folk med hage. Difor er det òg store lokale variasjonar i kor utbreidd han er, sjølv internt i kommunane.
Snigelen er ikkje glad i barskog og myr, og han likar seg heller ikkje høgt over havet.

Arnodd Håpnes fra Naturvernforbundet har tidlegere fortalt VG at brunsniglen kostar samfunnet mellom 50 og 500 millionar kroner årleg. No oppfordrar han alle kommunar som har registrert funn av brunsniglen, til å handla raskt.

– Dess tidlegare ein tar tak i problemet, dess lettare er det å handtera. Gjer ein innsats for å bli kvitt alt så fort som mogleg, før det er for seint. Kommunar som ikkje ser brunsniglen som eit problem foreløpig, men som likevel har registrert han, bør handla med éin gong, seier Naturvernforbundet sin representant til VG.

Sensasjonelt funn i Uskedalen?

Sensasjonelt funn frå gammal tid eller godt handverk anno 2016?

– Du trur det ikkje før du ser det, heiter eit gammalt uttrykk. Men det spørst om vi ikkje no må snu om på uttrykket, og heller seia at du må ikkje tru på alt du ser.

Les i alle fall kva nettstaden uskedalen.no skriv, og gjer dine eigne tankar:

– Det er gjort eit sensasjonelt arkeologisk funn under utgravingar i Uskedalen. Funnet minner om dei gamle helleristingane, men at motivet skil seg frå dei, etter som det er utforma med ein sterk førhistorisk kunstnarleg dimensjon.

Motivet som er gjort i hard stein, viser tydeleg eit vikingansikt med skjegg og hjelm med horn. Fagfolk arbeider framleis med å tolka funnet, og dei skal førebels ikkje ha klart å tidfesta det til ein spesiell tidsepoke. Motivet gjer dei likevel sikre på at det må vera laga etter vikingtida.

Funnet har vekt oppsikt i arkeologiske fagmiljø, og enkelte meiner å sjå at det styrkjer innhaldet i den vidgjetne segna om den allmektige Kong Gaute. I tillegg medfører funnet at løgna om at vikingane ikkje hadde horn på hjelmen har fått banesår. Det er tydeleg å sjå.

Fagfolka som bearbeider funna, vil ikkje røpa kor i Uskedalen funna har vorte gjort. Grunnen til dette er at dei ikkje vil verta forstyrra i tolkningsarbeidet. Dette må vi sjølvsagt ha forståing for. Dessutan held utgravingsarbeidet fram for å undersøkja om det kan verta gjort nye funn.

Funnet vil ikkje ikkje berre kasta ljos over bygdehistoria vår. Det kan truleg setja ein viktig periode i Noregshistorien i eit nytt perspektiv.

Denne saka har inspirert limerickar Olaf Agnar Gausvik til å koma med følgjande vers:

Det er ikkje dokumentert
at kong Gaute kan ha eksistert
før mannen med meisel

og svingande feisel
er tvillaust identifisert.

Av Thor Inge Døssland
uskedalen.no

Fjelbergskøyta

(Foto: Steinar Hystad)

I tolv år, frå 1960 til 1972 var mjølkeruta frå Fjelberg til Leirvik, med Johannes Miljeteig som skipper, fast gjest ved nattrutekaien måndag, onsdag og fredag. Kvar gong presis til kai rundt klokka elleve på føremidagen. Dårleg vêr med hard vind i kasta var aldri til hinder. 

Turen starta frå Borgundøy og heldt fram til Fjelbergøy, Sydnes og så rundt Borgundøy til Aksdal på nordsida før kryssing av fjorden. På dekk var det fullt av mjølkespann, i salongen passasjerar som nytta ruta til handel på Vikjo.

Les heile historien på www.stordnytt.no

Avskil med kultursjefen

Kristian Bringedal har vore kultursjef sidan 2002.

Kristian Bringedal har vore kultursjef sidan 2002.

Sidan 2002 har Kristian Bringedal vore ein markant kultursjef i Kvinnherad kommune. Men no er det snart slutt, etter som han frå 1. juli går over i pensjonistane sine rekkjer.

Torsdag vart milepælen markert med ei fin og stilfull samling med alle tilsette i verksemd for kultur og fritid, som Bringedal har leia i mange år. Også ordførar Peder Sjo Slettebø deltok på markeringa i Kulturhuset Husnes.

Kultur og fritid i Kvinnherad er ei verksemd med stor breidde og mangfald i fagområde og avdelingar. Dette har også endra seg gjennom dei 14 åra Bringedal har vore leiar for verksemda. Ein komitè med representantar frå dei ulike fagområda hadde planlagt det stilfulle arrangementet i kulturhuset.

Det var Linda Øen, konstituert som kultursjef frå 1. juli, som leia samkoma. Etter at ho hadde gjennomgått Kristian si aktive arbeidskarriere, krydra med godord, fekk vi ei musikalsk opning til å koma i skikkeleg godstemning av. Kulturskulelærar Mauricio Weimar hadde nemleg kursa kollegaene sine på afrikansk marimba, og resultatet vart eit kjempemessig marimbaorkester, som fekk sving på dei afrikanske rytmane.

(Tekst og foto: Thor Inge Døssland)

Les meir på nettsida www.uskedalen.no her.

Soloppgang frå Andersfjell

Vakkert utsyn klokka fem om morgonen. (Foto: Svein I. Opdal)

Friluftsmannen Svein I. Opdal og tre andre var nyleg på overnattingstur til Andersfjell ovanfor Rosendal, med eitt mål for auga; nemleg å sjå soloppgangen frå heimste Bjønndalstind (1392 m o.h.).

Turfølgjet slo leir i ellevetida om kvelden med bål, og revelje neste dag klokka fire. Ein time seinare besteig dei Bjønndalstinden til den planlagte soloppgangen.

– Det er morosamt med alder, skriv Opdal på Facebook-sida. Han har rekna ut at han er tre gonger så gammal som Elisa, ein av turdeltakarane, dobbelt så gammal som Vigdis, ei av dei andre kvinnene i turfølgjet, og ein og ein halv gong så gammal som Signe, den tredje dama på turen.

Han er stolt over at dei alle greidde turen.

Du kan sjå fleire bilete frå turen på Opdal si Facebook-side her

Rydda og klargjort for sommaren

Velkommen i Borvika! (Foto: Åsfrid Barstad)

Velkommen i Borvika! (Foto: Åsfrid Barstad)

Brynhild Stokka og Jan B. Ingvaldsen i aksjon på ryddedagen. (Foto: Åsfrid Barstad)

Då er badestranda i Borvika rydda og gjort klar for sommarens aktivitetar. Onsdag kveld arrangerte Husnes Vekst den årlege dugnaden i stranda, der 10 personar møtte opp med reiskap og arbeidslyst.

Styreleiar Åsfrid Barstad er glad for at folk bryr seg og deltek år etter år i denne dugnaden. Forutan at det styrkjer fellesskap og samhald blant folk som bur her, blir badestranda meir innbydande og triveleg for alle som brukar ho. 

– Det er viktig og nødvendig å halda det reint og triveleg rundt seg over alt, seier Barstad. Borvika er ein viktig del av regionsenteret, difor er dette eit svært godt tiltak, seier styreleiaren.

Ho er overraska over at det var så lite bos i stranda denne gongen, knapt to halvfulle sekker vart fylte opp, og det er jo nesten ingen ting å snakka om ein gong. Tare og gras vart raka saman av dugnadsgjengen og kasta i kontainaren, men det viste knapt nok att i botnen når dei var ferdige for kvelden.

Brede Grønningen frå Husnes Røyr stilte òg opp og monterte eit heilt nytt WC i toaletthuset. Det er styreleiaren svært glad for. 

Barstad fortel elles at Husnes Vekst nyleg har inngått samarbeid med prosjektet «Turstiar Sunde», som vil vil vera med og oppgradera eksisterande stiar og laga nye der det trengst langs Opsangervatnet frå campingplassen til Kaldaneset og skulane.

Det har òg lenge vore snakka om å få til ein sti, eller gangveg, rundt heile vatnet, men det er eit meir omfattande prosjekt som det vil ta noko tid å få gjennomført. Men ein plass må vi starta, seier Åsfrid Barstad. Styreleiaren tykkjer det er viktig at Husnes Vekst engasjerer seg i både store og små prosjekt. Det skapar merksemd i nærmiljøet, og venteleg vil det òg føra til at fleire etter kvart melder seg inn i organisasjonen.

Les enno Fadervår på gassisk

Edel Sjursen tykkjer ho er heldig som får bu på Rosendalstunet.

Edel Sjursen (98), enkje etter tidlegare sokneprest i Kvinnherad, Leif Sjursen, har to periodar bak seg som misjonærkone på Madagaskar. Der lærte ho seg både fransk og gassisk, det offisielle språket i landet. Og den dag i dag, 56 år etter at dei kom heim frå misjonsmarka, kan Edel lesa Fadervår utanåt – på gassisk. Også mannen brukte gassisk i gjerninga som misjonær for Det norske Misjonsselskap. Han døydde i 1999.

– Eg er heldig som får vera her på Rosendalstunet, seier Edel i ei bok om alders- og sjukeheimane i Kvinnherad, som er planlagt å koma ut i haust. Etter eit slagtilfelle for seks år sidan er ho i dag avhengig av hjelp til det meste.

Edel har levt eit innhaldsrikt og spennande liv etter at ho reiste frå Lårdal i Telemark til Madagaskar som 20-åring. Men ho tvilar på om ho får oppleva å flytta inn på det nye Rosendalstunet før det blir ferdig utbygt. Når du nærmar deg hundre år, må du rekna med litt av kvart, seier den gamle dama frå Telemark på ekte dialekt – og med glimt i auga. Kva som møter henne på andre sida av livet, tenkjer ho ikkje så mykje på.

Nedanfor kan du høyra Edel lesa Fadervår på gassisk.

Borghild i hundre!

Borghild likar seg på alderspensjonatet i Ølve. Borghild Thorkelsen (98) er ein typisk representant for dei som voks opp på landsbygda i førkrigstida: Dei vart fødde på eit lite småbruk eller ein gard, der foreldra måtte slita hardt for å skaffa nok inntekter til å leva av. – Å, du og du for eit liv, seier Borghild når ho fortel om oppveksten i den vesle jordbruksbygda Ølve på 1920- og 30-talet. Dagens unge kan nesten ikkje førestilla seg korleis forfedrene levde på den tida. Ho var den eldste i søskenflokken og hugsar enno godt korleis det var, utan straum og med lite pengar blant folk flest. Ungane måtte tidleg læra seg å arbeida, men Borghild trur ikkje dei hadde vondt av det på noko vis. Sjølv er ho jo snart hundre år! I dag bur Borghild på alderspensjonatet i Ølve, der ho får godt stell og pleie av flinke og kjekke folk – og god mat frå eit godt kjøken. Betre kan det nesten ikkje bli når du nærmar deg hundre år, seier ho. Til hausten kan du lesa heile historia om henne i den nye boka vår.

Borghild likar seg på alderspensjonatet i Ølve.

Borghild Thorkelsen (98) er ein typisk representant for dei som voks opp på landsbygda i førkrigstida: Dei vart fødde på eit lite småbruk eller ein gard, der foreldra måtte slita hardt for å skaffa nok inntekter til å leva av.

– Å, du og du for eit liv, seier Borghild når ho fortel om oppveksten i den vesle jordbruksbygda Ølve på 1920- og 30-talet. Dagens unge kan nesten ikkje førestilla seg korleis forfedrene levde på den tida. Ho var den eldste i søskenflokken og hugsar enno godt korleis det var, utan straum og med lite pengar blant folk flest. Ungane måtte tidleg læra seg å arbeida, men Borghild trur ikkje dei hadde vondt av det på noko vis. Sjølv er ho jo snart hundre år!

I dag bur Borghild på alderspensjonatet i Ølve, der ho får godt stell og pleie av flinke og kjekke folk – og god mat frå eit godt kjøken. Betre kan det nesten ikkje bli når du nærmar deg hundre år, seier ho.

Til hausten kan du lesa heile historia om henne i den nye boka vår.

Snart klart for asfaltering

(Foto: Kristen Børje Hus)

(Foto: Kristen Børje Hus)

Arbeidet med den 250 meter lange gang- og sykkelvegen i Bogsnesbrekka på Husnes nærmar seg avslutting. Denne veka driv entreprenørfirmaet Musland Maskin på med opprydding, grusing og jordkledning av området, og i midten av april skal dei leggja asfalt på nyevegen.
Anbodet for prosjektet var på rundt to millionar kroner, opplyser dagleg leiar Roar Musland. Oppdraget er utført på vegner av Kvinnherad kommune og Statens vegvesen.
I samband med arbeidet med gang- og sykkelvegen er også fem – seks store tre i området blitt fjerna. Det er òg lagt ned ny kumme for vatn, samt strekkerøyr for straumkabel dersom det seinare skulle bli aktuelt å fjerna luftspennet og leggja kablane i jord. Åtte lysmastrar skal òg på plass før oppdraget er fullført.
Husnes Vekst har engasjert seg i dette arbeidet, og er glade for det som er gjort så langt. Men styret vil framleis vera ein pådrivar for at gang- og sykkelvegen blir forlengja bort til gamle Undarheim skule.