Professorar drøftar liv og gudstru

Uskedal kyrkje – 100 år.

Uskedal kyrkje – 100 år.

Laurdag 18. oktober kjem eit nytt høgdepunkt i kyrkjejubileet i Uskedalen. Då kjem tre professorar frå bygda saman i ein spennande samtale der dei vil fundera over nokre av dei store spørsmåla i livet.

Dag E. Helland er professor i bioteknologi, Jørn Øyrehagen Sunde rettshistorikar og Reidar Myklebust professor i anatomi. Alle er knytt til universitetet i Bergen.

 

100 år

Kyrkja i Uskedalen er 100 år. Jubileumsbok er skrive og gjennom året har ein feira med salmekveld, konsertar, gudstenester, trusopplæringstiltak og diverse anna.

Laurdag 18. oktober vert vi inviterte med på ein spennande samtale der tre lokale professorar i biologi, jus og medisin funderer over nokre av dei store spørsmåla i tilveret.

Sokneprest Aksel Lygre frå Bømlo skal leia samtalen og vil også bidra musikalsk.

 

Dag E. Helland er professor i bioteknologi ved Universitetet i Bergen, der han underviser i emnet bioetikk med kristen etikk som ein del av innhaldet.

 Jørn Øyrehagen Sunde er jurist og rettshistorikar. Han leiar forskargruppa for rettskultur ved det juridiske fakultetet i Bergen, som arbeider med kvifor ein i ulike kulturar har ulike oppfatningar av rett og gale. 

 Reidar Myklebust tok doktorgraden ved Universitetet i Bergen, institutt for anatomi, i 1980. Seinare arbeidde han som professor i anatomi, som leiar av Elektronmikoskopisk avdeling ved Universitetet i Tromsø, der han mellom anna dreiv hjarteforsking. 

 

Spennande tema

Er vitskap og tru størrelsar som utelukkar kvarandre gjensidig? Kva utfordringar oppstår for trua og tanken når kristen tru og vitskap møtest og når ein skal tenkja og forstå alt dette saman? er noko av det som skal diskuterast.

 – Kan me i 2014 våga å tru på ein himmel over livet og bak død og grav? Kan me våga å tru at ei gamal bok inneheld svar for livet om rett og gale? spør Tormod Myklebust i Uskedalen sokneråd. 

Soknerådet ønskjer velkommen til ein samtale om dei store spørsmåla og kanskje også nokre mindre. Trass i at det er «schwung» over temaet, skal arrangøren prøva å leggja til rette for ein kveld med glimt i auga og himmelsk overlys.

 

(Kjelde: www.uskedalen.no)