Prosjekt Kaldestadåsen i gang

 Snart kjem det ny rastehytte på topen av åsen. (Arkivfoto: Kristian Hus).

Snart kjem det ny rastehytte på topen av åsen. (Arkivfoto: Kristian Hus).

Prosjektet "Turstiar på Sunde" kviler ikkje lenge om gangen, melder Kvinnheringen. Laget har fått med seg bedriftsidrettslaget ved SØRAL og IL Trio i eit prosjekt som har fått namnet "Prosjekt Kaldestadåsen". Planen er å gjera turen til fjells til ei endå betre oppleving for alle som går dit. Blant anna skal det koma ei ny rastehytte på toppen av åsen, som turgåarar kan sitja under tak og kvila i. Ei liknande hytte står på Fenafjell.

Utsynet frå toppen er heller ikkje lenger som det ein gong var. Vegetasjonen har vakse så mykje i mange år at det ikkje lenger er noko å sjå der oppe. Dugnadskarane vil gjera noko med det òg, ifølgje avisa.

Kaldestadåsen er truleg den mest besøkte fjelltoppen i Kvinnherad, med godt over 9000 innskrivingar i fjor.

Laurdag 18. oktober skal det vera fest i båthuset på Sunde, der inntekta skal gå til prosjektet som no er påbyrja.

(Kjelde: Kvinnheringen)