TV-aksjonen:
Varig reint vatn til ein million menneske

Midlane TV-aksjonen får inn skal i år gå til vassprosjekt i åtte land; Sudan, Sør-Sudan, Tanzania, Etiopia, Somalia, Afghanistan, Pakistan og Haiti.

 For etiopiske Koite Ormalley (25) vart ein draum sett ut i livet då Kirkens Nødhjelp bygde ein brønn fem minuttar unna huset hennar.  (Foto: Laurie MacGregor/Kirkens Nødhjelp)

For etiopiske Koite Ormalley (25) vart ein draum sett ut i livet då Kirkens Nødhjelp bygde ein brønn fem minuttar unna huset hennar.  (Foto: Laurie MacGregor/Kirkens Nødhjelp)

Då det store jordskjelvet, med styrke 8 på Richters skala, råka hovudstaden Port au Prince på Haiti i 2010, gjekk det tre dagar før Kirkens Nødhjelp var på veg med ingeniørar og vassreinseutstyr via Den dominikanske republikk. Som medlemmer i det store nettverket til Kirkens Nødhjelp kunne vi følgja med på SMS-ar frå dåverande generalsekretær Atle Sommerfeldt, som sat i bil inn til katastrofeområdet.

Fire år etter jordskjelvet manglar framleis 40 prosent av innbyggjarane på Haiti reint vatn. Pengane som blir samla inn i TV-aksjonen i år skal gi 50.000 menneske varig tilgang til reint vatn på Haiti.

Reint vatn på utilgjengelege stader
Etter jordskjelvet braut det ut kolera og framleis er dødstala høge. Ureint drikkevatn og dårlege sanitærforhold forlengjer krisa. Med TV-aksjonspengane skal Kirkens Nødhjelp i Haiti skaffa reint vatn og driva hygieneundervisning på små stader som elles ikkje får hjelp.

Stabil vassforsyning fører til at grøda blir sikra og at borna får gå på skule i land som Sudan, Tanzania, Sør-Sudan, Etiopia og Somalia. I Sudan skal 300.000 menneske sikrast reint drikkevatn i Darfurprovinsen, medan midlane i Sør-Sudan vil sikra 100.000 menneske reint vatn.

Reint vatn sikrar skulegang
Pakistan er det landet i verda som er hardast råka av flaumar, og med det følgjer forureining av drikkevatnet. 78.000 menneske skal sikrast varig reint vatn der.

Mange skuleborn går milevis kvar dag for å henta vatn rundt om i verda. Ved at vi er mange som gjer ein felles innsats førstkomande sundag, ved å gå nokre hundre meter, kan vi saman vera med å gjera framtida betre på mange stader i vår felles verd.

Lykke til som bøsseberar!

Av Åse Selsvold og Magne Fitjar
distriktskontaktar for Kirkens Nødhjelp i Sunnhordland