NM-medalje nr 30 til Kirsten Melkevik

Kirsten M. Melkevik held koken trass i sine 44 år. Her på treningstur heime på Husnes for nokre år sidan. (Foto: Geir Remme)

Kirsten Marathon Melkevik (44) frå Husnes tok i helga sin 30. individuelle noregsmeisterskapsmedalje som seniorløpar. Under NM i terrengløp på Stend sprang ho laurdag inn til sølvmedalje på distansen, fattige 37 hundredelar etter vinnaren Marthe Katrine Myhre frå same klubb, IL Gular.

– Eg er nøgd og glad, skriv den tidlegare husnesjenta på Facebooksida si.

Alt i alt har den tidlgare Trio-løparen no teke 13 gull, 13 sølv og fire bronsemedaljar i norske meisterskap.