Fonneland-roman med inspirasjon frå Skorpo

 Anne Karin Fonneland signerte mange bøker under lanseringa på biblioteket laurdag. (Foto: Lars Børge Sæberg/Kvinnherad mållag)

Anne Karin Fonneland signerte mange bøker under lanseringa på biblioteket laurdag. (Foto: Lars Børge Sæberg/Kvinnherad mållag)

Det vart på alle måtar ei vellukka boklansering på biblioteket på Husnes laurdag, skipa til av Kvinnherad mållag ilag med biblioteket. Anne Karin Fonneland frå Sunde står fram med sin fyrste roman, Apalgard.
 
Romanen er ein fiksjon, men vi merkar glimtvis hendingar og stadnamn frå Skorpo, der mor til Anne Karin er fødd og oppvaksen. Ho kjem frå tunet oppe i Skorpo. Forfattaren og Johannes Hauge er syskenbarn og Anne Karin var ofte på øya i ung alder, og har mange minne frå feieopphald og turar til slekta si der.

Har du høyrt om Skomakarsteinen? Ikkje det. Då kan du i boka til Fonneland lesa om mora som lita jente gjekk og gret under Skomakarsteinen.

I romanen Apalgard møter vi to brør på ein fruktgard ved Hardangerfjorden tidleg på 1960-talet.
Hovudpersonen, Simon Hatlevik, studerer og vert psykolog. Eit samlivsbrot fører til flukt og trong for refleksjon og det å gjera seg fri.

Broren vert ramma av polio. Apalgard er ein djuptenkt roman, om relasjonar, arv og miljø, kjønnsroller og klimautfordringar.

Av Kristian Olav Bringedal
uskedalen.no