Ny «glimt»-bok frå Halsnøy og Fjelbergøyane

 Forfattar og utgjevar Arne Gjerde med trykkvarme bøker fulle av nye Halsnøy- og Fjelberg-glimt.

Forfattar og utgjevar Arne Gjerde med trykkvarme bøker fulle av nye Halsnøy- og Fjelberg-glimt.

No er andre utgåva av Arne Gjerde si bok med glimt frå Halsnøy og Fjelberg komen i sal. Boka er ein oppfølgjar av «Halsnøy 2013», og som ifølgje utgjevaren vart svært populær, trass i at ho i fjor kom ut berre to veker før jul. Så å seia heile opplaget vart selt.

I år er han ute lenge før julehandelen startar, og kanskje er det grunnen til at opplaget er større denne gangen.

I år er boka delt i tre bolkar. Første delen tek oss raskt gjennom dei 12 månadene av 2014. Andre delen heiter «Året rundt», og her får du smått og stort som gjeld heile året, gjerne tidlegare år også.

Tredje delen heiter «Verda rundt», og den syner litt kva halsnøy-buar tek seg til andre stader, anten dei har flytta ut, eller dei berre er på tur.

 Nils Magne Kloster har teke både framsidebiletet i boka og mange andre.

Nils Magne Kloster har teke både framsidebiletet i boka og mange andre.

Gjerde med lokale bidragsytarar

Boka er skriven av Arne Gjerde, men mange andre lokale personar har gitt sine bidrag, først og fremst gjennom flotte foto frå nærmiljøet, men òg tekstar.

– Nils Magne Kloster sine foto må du berre sjå, seier utgjevaren.

Boka er trykt i 4-farge, og inneheld eit «hav» av bilete, supplert med tekst og artiklar. Tanken er at ho skal gi eit lite tverrsnitt av lokalsamfunnet på øyane, seier Gjerde.  
 
Boka har same sidetal som i fjor; 160, og kostar 350 kroner i utsal – det same som i fjor. Sidan fjorårsutgåva vart så popuær, har Gjerde teke sjansen på eit større opplag denne gongen, til 700 eksemplar.

– Dette er den perfekte julegåva til dei som har alt frå før, seier utgjevaren. Og denne boka har dei garantert ikkje i huset!

Alle foto: Kristen Børje Hus