Fin naturoppleving i Rosendal

 (Foto: Leif Thuland)

(Foto: Leif Thuland)

Det tradisjonelle Kvinnheradløpet søndag blei ei fin oppleving, rapporterer husnesingen Leif Thuland. I dag deltok han for 28. gong, og håpar det blir fleire i åra som kjem.

 

– Rosendal med ein blikkstill Hardangerfjord og fjellsider som lyste imot oss i vakre haustfargar, var ramme rundt arrangementet, skriv Thuland på Facebook. Ungguten Sindre Nymark Jensen frå IL Trio fossa gjennom den 5,8 km nye løypa på tida 18,56 min, med Ronny Nordal og Rune Haugland like bak.

14 år gamle Veslemøy Haugland frå Uskedalen gjorde det same på tida 24,51 min.

 

Den nye trasèen gav oss ei ny og fin naturoppleving.