Bufellesskap – den nye buforma for eldre?

  Eldre som treng hjelp med hus og heim, flyttar gjerne til mindre bufellesskap. Dette er Teiglandshagen bufellesskap på Bømlo. (Illustrasjonsfoto).

Eldre som treng hjelp med hus og heim, flyttar gjerne til mindre bufellesskap. Dette er Teiglandshagen bufellesskap på Bømlo. (Illustrasjonsfoto).

Måndag 13. oktober er det eit viktig møte i Kulturhuset Husnes om bufellesskap og alderdom. Temaet for møtet, som kommunen og Eldrerådet har teke initiativet til, er «Alderdom på ein god måte – tilrettelagde hus».

Mange eldre bur i hus som kanskje ikkje er så godt tilrettelagde med omsyn til at ein kan få sviktande helse. Difor er eigenomsorg viktig for å kunna bu og klara seg sjølv lengst mogleg i sin eigen heim, og difor er det viktig å planleggja dette.

Per Olaf Lillebø frå Vestbo på Stord vil fortelja om ulike prosjekt han har vore involvert i på Stord og i andre kommunar. Han vil òg orientera om Husbanken sine reglar for tilskot og lån til bufellesskap.

Kommuneplanleggjar Kjartan Thoresen vil visa oversikt over kor i Kvinnherad det er byggjeland for dei påtenkte bufellesskapa.

Husbanken sine tilskotsordningar for bustøtte, tilretteleggingsstøtte og utbetringslån vil òg bli gjennomgått av Berta Langeland og Milada Kacapor.

Alle eldre er spesielt inviterte til møtet, like eins utbyggjarane.

 

Møtet er i festsalen i kulturhuset på Husnes og startar klokka 18.