Historia om Skou – med Garborg i sidespeilet

  – Håpet mitt er at boka kan bidra til å skapa eit anna heilskapsbilde av omstreifarane og av Skou, seier forfattar Marit Elise Totland.

– Håpet mitt er at boka kan bidra til å skapa eit anna heilskapsbilde av omstreifarane og av Skou, seier forfattar Marit Elise Totland.

I boka «Garborg og Skou – forskjell på folk» fortel valebuen Marit Elisebet Totland den spennande historia om Martin Johan Mathiassen Skou og hans forhold til ein av landets fremste forfattarar.

Eg ønskjer at fleire skal bli kjende med historia til omstreifarane på Vestlandet, seier Totland i ei pressemelding frå forlaget. 

Ho fortel at hennar generasjon vaks opp med begrepet «fant», utan å vita noko meir enn at dei reiste rundt frå bygd til bygd. 

– Farmor snakka om at vi skulle «reka fant» når vi la ut på båttur utan å vita kor vi skulle. Eg trudde fantane reiste omkring utan mål og meining, heilt til eg gjekk inn i historia og leste at dei fleste omstreifarane fram mot slutten av 1800-talet var handverkarar, fortel Totland. 

Då bygdene ikkje lenger trong deira tenester, fortsette dei å reisa. Dei høyrde ikkje til i noko bygdelag, og hadde sin eigen kultur med song og musikk, språk, seder og skikkar. I tillegg håpar Totland at dei som er kjende i Garborg sitt univers skal kunna lesa bøkene hans med nye briller etter å ha blitt kjende med Skou.

Lokalhistoriske bøker

Marit Elisebet Totland (f. 1957) er oppvaksen i Skudeneshavn og bur no på Valen. Ho har gitt ut ei rekke lokalhistoriske bøker, i tillegg til den historiske romanen «Blåstrømpe». Ho har også skrive lærebøker for grunnskulen, og har mesteparten av livet undervist; først som lærar og seinare som føredragshalder. Gjennom dei tre siste tiåra har Totland hatt eit utal politiske verv, blant anna som ordførar i Bømlo og statssekretær i Bondevik-regjeringa. Ho sit i dag i formannskapet og kommunestyret i Kvinnherad.

– Håpet mitt er at boka kan bidra til å skapa eit anna heilskapsbilde av omstreifarane og av Skou, sjølv om delene er meir eller mindre kjende frå før. Etterkomarane etter Skou skal i alle fall kunna vera stolte av han, seier Marit Elisebet Totland.

Bokmål

Forfattaren har valt å ordleggja seg på bokmål denne gongen, men det var ikkje noko enkel beslutning å ta:

– Ja, Garborg ville nok vorte skuffa om han hadde visst at eg skriv denne boka på bokmål. Men valet blei teke då eg såg at store delar av boka «På fantestien» måtte vera med. Utdraga er på bokmål, så nær opp til det riksmålet det blei skrive på som mogleg. Med slike utdrag innimellom, blei det naturleg å la heile forteljinga ha same tone, og då blei det bokmål denne gangen, avsluttar Totland.

I arbeidet med boka har ho følgt spora Skou gav i boka si for å koma tettare inn på hans eige liv. Spora førte henne først til lokalhistorie og slektshistorie. Vidare gjekk vegen til offentlege protokollar. Og etter kvart fann ho notatar og brev frå styresmakter, skule, sjukehus, politi, fattigkasse og kyrkje, der Skou sitt namn var nemnt. 

– Det var freistande å laga ein historisk roman etter å ha blitt kjent med det dramatiske livet til Skou, med mange hendingar som kunne vore utbrodert og levandegjort. Men då ville lesaren heile tida lurt på kva som er sant. Eg kom til at historia om Skou er for alvorleg til å leika med. Han fortener å få stå mest mogleg på eigne bein, difor er hendinga frå livet hans godt dokumentert, med 500 fotnotar, seier Totland.

(Utdrag frå pressemelding frå forlaget)