Miljøkjøt frå Rosendal like til Danmark

 Jostein Hatteberg er ferdig med årets utkøyring av miljølam frå Rosendal.

Jostein Hatteberg er ferdig med årets utkøyring av miljølam frå Rosendal.

– Eg kan ikkje akkurat konkurrera med Rema 1000, men kvaliteten på kjøtet vårt er derimot førsteklasses, så ingen klagar på prisen, seier Jostein Hatteberg. Han er nett ferdig med årets levering av lam frå småbruket sitt i Rosendal til mange faste og trufaste kundar i inn- og utland.

Folgefonn miljøkjøt kallar Hatteberg produktet sitt. Lamma med det ettertrakta kjøtet kom til verda i april og gjekk fram til slaktetida i oktober på beite i området frå Bjørndal og innover mot Folgefonna. Truleg er det beiteområdet som gjer at Jostein er så kategorisk når han snakkar om kvaliteten på kjøtet han leverer i store delar av Sør-Norge. Endåtil kundar i Danmark kjøper miljøkjøt frå Rosendal kvar haust, forutan statsministeren sitt kontor i Oslo. Dei har fått rosendalskjøt i mange år.

 Mange kundar føretrekkjer kjøtet frå Rosendal til jul.

Mange kundar føretrekkjer kjøtet frå Rosendal til jul.

Om leveransen til Danmark har noko med dansketida å gjera, er uvisst. Men det som er sikkert er at Hatteberg har drive med denne forma for kjøtleveranse i 15 – 20 år. No er han i ein nedtrappingsfase, trur han. Som kremmarar flest, er han derimot sparsam med å fortelja kor store kvanta han køyrer ut.

– Kva er så spesielt med kjøtet ditt?

– Å, du veit, først og fremst er det kvaliteten kundane set pris på. Dessutan får dei kjøtet oppdelt i stykke, røykt eller tørka pinnekjøt etter eige ønskje. Oppskrifta har eg frå mor mi.

Dei siste vekene har Hatteberg farta omkring i distriktet og levert øskjer med 15 – 20 kilo lammekjøt på døra til kundane sine. Det set mange pris på, forstår vi.

Til våren vil dei 20 vinterfora sauene som i dag beitar på småbruket i Rosendal venteleg føda nye lam. Og dermed blir det ny runde med Folgefonn miljøkjøt neste år òg. Heilt sikkert til glede for mange.

– Men akevitten og juleølet må kundane mine syta for sjølve, skrattar sauebonden i Rosendal...

Foto: Kristen Børje Hus