Ordførarkandidat hovudperson
i mora si bok

Godt over 100 menneske møtte opp i Rosendal Bokhandel fredag kveld, der Ingvild Sjo si bok, «Peder Bakar får seg bollemaskin» vart lansert.

– Kva er det som skjer i Landsbyen? Kvifor står det ein stor bubil på parkeringsplassen ein morgon? Kvifor kjøper den store mannen i bilen alle bollane Peder greier å baka? Skal ikkje Fjelberg Kraftlag få bollar til kaffien?

Dette er blant gåtene Ingvild Sjo tek for seg i boka ho har skrive om den unge bakaren Peder, som lagar så gode bollar at det blir eit problem. Heldigvis har han gode vener som hjelper til.

«Peder Bakar får seg bollemaskin» er ei bok som høver for barn i alle aldrar – og som likar bollar, heiter det i ei pressemelding frå Kapabel Forlag.

Under lanseringa i Rosendal fredag kveld var sjølvsagt hovudpersonen i boka, son til forfattaren, Høgre sin ordførarkandidat Peder òg til stades. 

Lars Slettebø, far til Peder, har laga teikningane i boka, og dei er «…humoristiske, karikerte og så gode at boka også er interessant for dei som er så unge at dei ikkje kan lesa enno», følgje Grenda sin meldar under lanseringsfesten i Rosendal Bokhandel.

Grenda-redaktøren meiner teikningane er med på å løfta boka til eit høgt nivå.