Eldste kua i landet

 (Foto: Kristian Olav Bringedal)

(Foto: Kristian Olav Bringedal)

Anja Strüter på Skorpo har undersøkt alderen på kyr i Noreg og konkluderer med at den mykje omtala kua til Johannes Hauge på Skorpo er den eldste i landet.

Hauge si ku runda nyleg 20 år og dermed har ho slege den gamle rekorden med fem år, fortel Anja til uskedalen.no.

Kua fylte 20 år 5. november og har hatt 15 kalvar og bore fram to sett tvillingar.

Johannes Hauge hadde tidlegare så mange som sju kyr og dreiv med smørproduksjon, men måtte slutta med det då Tine stoppa mottaket. Men han beheldt den eine kua, og har i dag 12 sauer og ein ver.

Under siste kalvinga måtte Johannes ha dyrlege til den gamle kua då ho fekk mjølkefeber. Dyrlegen rådde frå fleire kalvingar.

Kua ber namnet Sjeivhodno fordi det eine hornet peikar opp og det andre ned. Det er ei intelligent ku, som ventar på eigaren i fjøsdøra og ordnar seg sjøl då ho ville til okse. Då opna ho porten og gjekk til naboen, fortel Johannes til Grenda.

Men no undrar han på om han snart må kvitta seg med kua. Det vert nok i tilfelle ei tung avgjerd.

Av Ola Matti Mathisen

uskedalen.no