Dag Tuastad om palestinske utfordringar

 Dag Tuastad frå Husnes skal snakka om palistinske utfordringar i senioruniversitetet.

Dag Tuastad frå Husnes skal snakka om palistinske utfordringar i senioruniversitetet.

Torsdag 20. november er det tillyst nytt møte i senioruniversitetet. Denne gongen er det Dag Tuastad frå Husnes, som skal snakka om palistinske utfordringar i senioruniversitetet. Han har doktorgrad i sosialantropologi og arbeider som førstelektor ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk (IKOS) ved Universitetet i Oslo.
 
Han har skrive ei lang rekke artiklar og rapportar om palestinsk politikk. Føredraget Palestinske utfordringar er basert på boka hans med same namn. Dette er den første boka på norsk som analyserer dei store politiske utfordringane palestinarane står overfor i dag.

I arbeidet med boka har Tuastad intervjua fleire sentrale palestinske aktørar.

Palestinarane har store interne utfordringar, med tre djupe splittingar: For det første splittinga mellom flyktningar og ikkje-flyktningar. For det andre motsetninga mellom sekulære og islamittiske palestinarar. Og for det tredje; konflikten mellom Gaza og Vestbredden, med to forskjellige regjeringar.

Alle desse interne motsetningane kan førast tilbake til den grunnleggjande krisen i palestinsk politikk, nemleg mangelen på legitim, politisk representasjon. Kvifor har ikkje palestinarane lukkast med å utvikle ei samlande demokratisk leiing, og kva har dette å seie for den israelsk-palestinske konflikten? Tuastad vil gje oss ei analyse av desse forholda.
Velkommen til eit interessant og spennande føredrag.

Grethe Brundtland
Kvinnherad Senioruniversitet