150 mållagsfolk i Kvinnherad

 Kristian Bringedal gler seg over medlemstala. (Arkivfoto).

Kristian Bringedal gler seg over medlemstala. (Arkivfoto).

«Nye» Kvinnherad mållag har verkeleg vind i segla for tida. Etter samanslåinga med Husnes mållag har laget dei to siste månadene gjennomført ein kampanje for å få fleire medlemmer. Både avisannonsar, Facebook og lanseringa av Anne Kari Fonneland si bok, «Apalgard» var element i vervekampanjen. Og så langt kan laget gle seg over 20 nye medlemmer, og totalt nærpå 150 per i dag.

– Dette er vi svært godt nøgde med, seier mållagsleiar Kristian Olav Bringedal til Grenda. Nye medlemmer får boka «Godmenne» av Jens Tvedt tilsendt som ei lita velkomstgåve.

Bringedal fortel også at mellom dei som har meldt seg inn i Kvinnherad mållag denne hausten finn ein personar som tidlegare var med i andre lag, men som no har meldt overgang til det samanslegne mållaget.