Bok om ferjene med rosetten

Harald Sætre si bok bør freista mange som er interesserte i HSD-historia. (Foto: Ola Matti Mathisen)

Harald Sætre si bok bør freista mange som er interesserte i HSD-historia. (Foto: Ola Matti Mathisen)

Harald Sætre frå Uskedalen har utmerka seg som lokalhistorikar gjennom sitt store engasjement om trafikken på fjorden i mange år. No er ei ny bok lagt ut for sal, og ho bør freista mange som er interesserte i HSD-historia.

Sætre skriv lett sørgmodig om selskapet, som no er borte, men vedgår at alt har si tid – og at ikkje noko varer evig.
 
Bankmannen Sætre (65), som aldri har brote linken til heimbygda, har vore pensjonist i eitt år og kan no endeleg ofra seg for fullt for skriving og fotografering. Boka som no er komen ut handlar om ferjer, ferjekaiar og -ruter – og alle samband er omtala.
 
Han har henta bileta i boka frå eit arkiv med rundt 15.000 bilete, som han møysommeleg har bygd opp gjennom åra. Men ikkje alle som er med i boka er like gode, for mange av dei er svært mørke. Heller ikkje er det alltid så bra å gje att klypp frå aviser og andre publikasjonar.
Men dette er likevel ei heller lita innvending i høve til ein imponerande dokumentasjon av lokalhistorie.

Stor interesse

Harald Sætre fortel til uskedalen.no at det var hos bestefaren, Torgeir Guntveit frå Jondal han henta si store interessse for båtar og sjøverts transport. Han supplerte med opplevingane frå Sandakaien og Beinavikjo i Uskedalen og det myldrande livet der når båtane kom.

Men etter som Uskedalen ikkje hadde noko stopp for ferjer er det ikkje så mykje stoff derifrå i boka. Unnataket er «Norholm 1», som var innleigd av Henrik B. Hjønnevåg i ferjefarten sin barndom.
 
Det er det driftige lokalforlaget Kapabel i Bergen, representert ved Otto Ersland, som har gjeve ut også denne boka. Han skriv lett ironisk i føreordet:

– Snart kan me i all einsemd sitje i kvar vår bil og suse mellom byer og bygder. Sleppe å møte folk, slik at me må slå av ein prat. Det går framover her på Vestlandet!
 
Av Ola Matti Mathisen
uskedalen.no