Kommunestyremøte på Husnes

 Bilete frå kommunen si nettside.

Bilete frå kommunen si nettside.

I dag, torsdag 20. november er kommunestyret samla til møte i kulturhuset på Husnes, med heller stort fråfall av dei faste representantane (13). Møtet er direktesendt på internett (PC).

Av sakene som skal drøftast er evaluering av ferieorganiseringa i barnehagane i sommar, oppmoding fra IMDi om busetjing av fleire flyktningar i 2014 og 2015 og høyringsuttale til tannhelsetenesta sin klinikkstrukturplan.

Utanom dei politiske sakene skal fylkesmannen i Hordaland, Lars Sponheim orientera om arbeidet med ny kommunereform.

Du kan følgja debatten her