Bok om Grenda-historia

 Knut Hass er både stolt og glad for at nettopp Elisabeth, som er inngift i familien, har skrive boka om Grenda.

Knut Hass er både stolt og glad for at nettopp Elisabeth, som er inngift i familien, har skrive boka om Grenda.

Historia om den eldste lokalavisa i Kvinnherad, Grenda i Rosendal, er no skriven og gitt ut i bokform. Journalist Elisabeth Berg Hass, som er inngift i den tidlegare eigarfamilien har skrive boka. Det er ikkje minst den andre og siste «Grendamannen», Knut Hass svært glad for.

– Vi er både glade og stolte over at nettopp Elisabeth tok på seg denne oppgåva, sa den tidlegare utgjevaren og redaktøren då boka blei presentert i Rosendal Bokhandel fredag. Han takka samtidig heile familien sin for at dei har støtta han både i bokprosjektet og ikkje minst i dei åra han og kona, Kari, dreiv Grenda.

Det var til tider svært slitsame og tunge år, men òg gjevande og interessante, kunne Knut Hass fortelja. Han hugsar godt, den gamle avismannen, og fortalde mangt og mykje frå tida si i Grenda.

Hass trudde dessutan at lokalavisene vil ha sin plass i samfunnet i mange år framover, trass i skiftande tider og nye teknologiske måtar å kommunisera på.

Pågangsmot

– Historia om Grenda er historia om pågangsmot, staheit og ein vilje av ei anna verd, skriv forfattaren i føreordet til boka. Ho meiner boka ikkje kunne blitt til utan dei levande historiane Knut Hass har delt med henne under vegs i prosjektet.

Historia om korleis Grenda blei til har ikkje tidlegare blitt skrive i bokform. Difor var det no på høg tid, medan Hass enno er her og kan fortelja dei dyrebare historiane, seier forfattaren, som no er journalist i Kvinnheringen. Ho har òg arbeidd i Grenda i fleire år.

Sunnmøringen Olav Aurvoll kom til Kvinnherad i 1951 for å starta avis i Rosendal. Første nummeret kom ut i september same året. Ein gong blei han landskjend då avisa kom ut med ei blank side. Men avisgründeren visste råd; og skreiv med små bokstavar midt på sida: «På denne sida står det ingen ting». Sitatet er no brukt som tittel på boka, som er gitt ut på Kapabel forlag i Bergen.

Boka har eit opplag på 800 og er på 104 sider, og er rikt illustrert med bilete og sitat frå avisa i tillegg til teksten.

Bente Soldal i Rosendal Bokhandel trur boka høver godt som julegåve. Forutan Grenda-boka har ho i år sju andre bøker med lokal tilknyting i hyllene sine.