Ny foto-heider til Atle Helland

Anita Lie på full fart i skiløypa saman med to av hundane deira.

Anita Lie på full fart i skiløypa saman med to av hundane deira.

Valebuen Atle Helland har nok ein gong utmerka seg som ein habil fotograf, etter at han gjekk heilt til topps i Norges Naturvernforbund sin konkurranse i høve 100-årsjubileet.

Temaet for konkurransen var «Naturglede», der deltakarane kunne senda inn tre bilete kvar i fire rundar, etter årstidene. Vinnarbildet viser kona til fotografen, Anita Lie på full fart i skiløypa saman med to av hundane deira.

Premien for vinnarbildet er eit helgeopphald på Finse Høgfjellshotell, eit gåvekort på kr 1000 frå NSB og pokal frå Norsk selskap for fotografi, samarbeidspartnaren til Naturvernforbundet i høve jubileumskonkurransen.