Frivilligprisen til Einar Oppedal

Kultursjef Kristian Bringedal overrekte diplomet for Frivilligprisen til Einar Oppedal.

Kultursjef Kristian Bringedal overrekte diplomet for Frivilligprisen til Einar Oppedal.

Einar Oppedal på Husnes har fått Kvinnherad kommune sin Frivilligpris for 2014. Mange års innsats i ulike lag og organisasjonar gjorde at styret i Kvinnherad Frivilligsentral i år tildelte Oppedal prisen.

– Einar har sikkert arbeidd like mykje på fritida som timane han hadde i sitt faste arbeid, sa kultursjef Kristian Bringedal under prisutdelinga i Kulturhuset Husnes torsdag kveld.

Forutan prisvinnaren hadde vel 40 personar teke turen til kulturhuset. Anniken Kjeka, leiar av kommunen sin Frivilligsentral leia samkoma, der det også vart servert god middag og kaffi. Øystein Kloster stod for den musikalske underhaldninga.

– Styret i Kvinnherad Frivilligsentral meiner det som kjenneteiknar Oppedal er at han seier ja til dei som spør. Han stiller opp og gjev ei hand der det trengst, som styremedlem, utstyrsansvarleg, parkeringsvakt, sjåfør, bøsseberar, besøksven, dansevakt, natteramn og mykje anna.

Nokre av dei som òg har hatt glede av Einar Oppedal sitt engasjement er IL Trio, Husnes skulekorps, PU-handballaget, natteramnane på Husnes, Husnes båtlag, Røde Kors Omsorg, Fellesrådet i kyrkja, Husnes og Holmedal sokneråd, Husnestunet, Kvinnherad Idrettsråd og heilt sikkert fleire til.

Einar Oppedal er også den som vekkjer folk på 17. mai med salutt. Denne gongen ville styret i Frivilligsentralen saluttera for han. Om ikkje nett rakettane fór til vêrs i kulturhuset, så fekk han no i alle fall ein god del applaus i tillegg til eit kunstverk og diplom som viser at han er årets prisvinnar. Blomar fekk han òg.