Lite å gleda seg over!

 Frå TV2 si nyhendesending.

Frå TV2 si nyhendesending.

Klokka er 21.00: Vi har sett oss til rette i go’stolen då vignetten for TV2 si nyhendesending rullar over skjermen. Skal tru om det kjem noko kjekt og positivt i kveld?

«Tragedien» med fotballaget i Bergen er ikkje blant hovudoppslaga denne gongen. Redaksjonen har nok fått viktigare saker å slå opp, takk og pris! No får det vera nok sutring over at Brann ikkje er i eliteserien lenger, i alle fall ikkje i 2015.

Denne kvelden får vi derimot høyra historia om den norsk/somaliske mannen som har vore 12 gonger i Syria for å leita etter døtrene sine på 16 og 19 år. Dei reiste dit med ein idealistisk draum om å vera til hjelp for naudlidande i det krigsherja landet.

No ønskjer dei seg heim, men sidan dei held seg i eit IS-kontrollert område er det lettare sagt enn gjort å få reisa ut. Far til jentene er likevel optimistisk, og trur han skal få døtrene sine heim. Bra, seier vi, og lurer på kva tid det skal bli fred i landet.

Nyhetshjulet rullar vidare, og vi får høyra om to skyteepisodar. Den eine handlar om ein 69-åring på Vinstra, truleg i psykisk ubalanse, som har skote mot ein politimann på 3 – 4 meters hald med hagle. Heldigvis går det bra med tenestemannen, takka vere den skotsikre vesten han hadde på seg.

 Bent Høie vil ha eit register over kor alle hjartestartarane i landet er plasserte. (Foto: TV2)

Bent Høie vil ha eit register over kor alle hjartestartarane i landet er plasserte. (Foto: TV2)

Verre er det å høyra om mannen på Oppsal som blei skoten i hovudet, og døydde. Han hadde, «etter sigende», eit uoppgjort økonomisk forhold til gjerningsmannen, og det blir spekulert i om motivet kan vera krangel om ei rekning for utført målararbeid. Prisen var mellom ti og tjue tusen kroner. Meir skal det ikkje til før enkelte individ grip til våpen!

Neste sak: Oljeprisen stuper, ja, heile 30 prosent sidan i sommar, får vi vita. Det får analytikarane til å senda ut bekymringsmelding om framtida vår. Vi får mindre å rutta med når Oljefondet ikkje aukar så mykje som politikarane har føresett. Stakkars oss!

Så hoppar nyhendeankeret til Ferguson i USA. Der er folk meir enn sinte og frustrerte over at politimannen som skaut ein uskuldig gut ikkje blir tiltala. Dei er rasande, forståeleg nok.

Ei gla’melding toler vi mot slutten av sendinga: Helse- og sosialministeren vil ha eit register over kor alle hjartestartarane i landet er plasserte. I Danmark har ein fått til ei slik ordning med godt resultat. No vil regjeringa sin talsmann innføra det same her òg. Det kan vi lika.
Rundt 15.000 nordmenn får akutt hjartestans kvart år, og då er slike «startarar» eit godt hjelpemiddel til å redda liv.

Historia om ein 72 år gammal mann frå Alta som skal overvintra i polhavet – i eit luftputefarty – er interessant å lytta til innimellom alt det vonde denne kvelden. Ekspedisjonen føregår 118 år etter Fridtjof Nansen sin ekspedisjon med «Fram», og er meint som ein liten protest mot maktstrukturen innanfor norsk polarforskning.

Til slutt i sendinga får vi sjå ein tidlegare rusbrukar som øver på talen han skal halda på Skaugum, der konprinsparet har invitert til gjestebod. Det er ei glede og ei ære, seier mannen. Det tvilar vi ikkje på.

Så får vi med oss at det blir oppvaskmøte i Brann. Men då skifter vi kanal, det er nok elende for i dag. Men spørsmålet heng att i stova vår: Hadde vi bruk for alt dette, kunne vi ikkje gått oss ein tur til nokon vi kjenner i staden, og slege av ein hyggeleg prat?