Ein verdig vinnar av Kulturprisen

 Kulturprisen er ein honnør til mange. Her er nokre av dei under utdelinga i Triohuset (frå venstre): Agnar Melkersen, Arne Torget, Tjerand Lunde og Svein Røyrvik. Ordførar Synnøve Solbakken stod for overrekkinga.

Kulturprisen er ein honnør til mange. Her er nokre av dei under utdelinga i Triohuset (frå venstre): Agnar Melkersen, Arne Torget, Tjerand Lunde og Svein Røyrvik. Ordførar Synnøve Solbakken stod for overrekkinga.

– Idrettslaget Trio er ein svært verdig vinnar av kommunen sin kulturpris for 2014. Det sa ordførar Synnøve Solbakken då ho laurdag ettermiddag overrekte prisen til laget. Like sidan 1946 har Trio vore eit samlingspunkt for Husnes og bygdene ikring, og i dag toppar det seg med kulturprisen, sa ordføraren.

Solbakken peika på det store frivillige arbeidet som er gjort av mange i alle år, og som no gjer at dei får kulturprisen, som den 6. organisasjonen av tilsaman 29 prisvinnarar sidan 1983.

 Dagens leiar i Trio, Arne Torget.

Dagens leiar i Trio, Arne Torget.

– Eg er sjølv så heldig at eg har fått vakse opp i dette miljøet, sa ordføraren blant anna. Ho har spelt både handball og volleyball i Trio. I dag tykte ho det var heilt fantastisk å sjå ut gjennom vindauga i lagshuset og sjå anlegget som gjev plass til så mange ulike sportsgreiner. Triohuset, det nye friidrettsanlegget og kunstgrasbanen er døme på det store arbeidet som er gjort av mange – i mange år.

 ...og så var det mat.

...og så var det mat.

Ordføraren trekte i talen sin spesielt fram Tjerand Lunde, som ein motivator og inspirator for mange gjennom ei årrekkje. Han har gått i front for mykje av det som har skjedd i Trio, sa Solbakken.

– Det er inspirerande å ha slike motivatorarar i ei bygd, understreka Synnøve ordføraren.

Ein pris til mange

 Hovudpersonen under prisutdelinga, Tjerand Lunde, her i lag med sonen Håvard.

Hovudpersonen under prisutdelinga, Tjerand Lunde, her i lag med sonen Håvard.

Dagens Trio-leiar, Arne Torget tok imot prisen på vegner av laget sitt.

– Eg håpar at mange av de som er her i dag verkeleg føler at dykkar innsats har medverka til at vi i år får kulturprisen, sa Torget.

Blant gjestene rundt festborda i Triohuset sat mange tidlegare og noverande tillitsmenn. "Ingen nemnt, ingen gløymt".

Kultursjef Kristian Bringedal ønskte velkommen til feststunda og fortalte om kulturprisen si historie, som blei utdelt første gong i 1983. Prisen er ein dråpe i krystall.

– Dråpen dryp og dryp og stoppar aldri opp, sa kultursjefen. Kaare Skaala fekk i si tid ideen om dråpen, som symboliserer den kommunale kulturprisen.

Sidan 1983 har 29 privatpersonar og lag fått kulturprisen. Trio er den 6. organisasjonen som får prisen, alle andre er privatpersonar, fortalde Bringedal.

Dette har elles vore ei spesiell veke for kulturen i Kvinnherad, sa han, med utdeling av Frivilligprisen til Einar Oppedal og no Kulturprisen til idrettslaget Trio.

Einar Oppedal, Ivar Kåre Døssland, Agnar Melkersen, Håkon Røssland, Odd Saltnes, Håvard Lunde og Anne Margrethe Vangsnes bar alle fram helsingar til laget under bordseta.

Ein breiddeklubb

Det var Komitè for oppvekst, kultur og idrett som i oktober-møtet sitt vedtok å tildela årets kulturpris til Trio.
 
– Trio har i alle år vore ein breiddeklubb, der det er utført ein svært stor frivillig innsats frå mange hundre eldsjeler i dei 68 åra som er gått sidan skipinga av laget, skriv komiteen i grunngjevinga si. Laget har òg fostra utøvarar som har framheva seg på nasjonalt nivå i fleire greiner.

Då Sør-Norge Aluminium kom til Husnes tidleg på 60-talet var Trio ein av få organisasjonar som stod klar og gav fritidstilbod til dei mange tilflyttarane, gutar og jenter, menn og kvinner.

Frå 1970-talet og fram til i dag har laget gått i bresjen for å utvikla anlegg. Først lysanlegget på Valebanen, så lysanlegg på grusbanen på Husnes. I 1986 vart Triohuset innvia etter uvanleg stor dugnadsinnsats, og i 1999 bygde klubben nytt tribunehus. I 2006 vart Kvednabekkjen kunstgrasbane teken i bruk.

I sommar er Husnes stadion rehabilitert og blitt ein framifrå friidrettsarena med oppgradert grasmatte, ny turveg med lys og nytt tribuneanlegg. Alt dette presenterer idrettssenteret på ein framifrå måte. Anlegga til godt over 30 millionar kroner, er bygd takka vere ein lang og tålmodig innsats frå leiar gjennom 36 år, den legendariske Tjerand Lunde, og andre eldsjeler i klubben, heiter det i grunngjevinga.