Dråpen

 (Foto: Synnøve Solbakken)

(Foto: Synnøve Solbakken)

Då Trio laurdag mottok Kvinnherad kommune sin kulturpris for 2014, heldt formannen i laget, Arne Torget denne takketalen.

 

1946. Krigen var slutt

Frå Husnes, Sunde og Valen samla dei seg

Framsynte var dei

64 personar samla seg i juni

Idrettslaget Trio var fødd

Samla bygdene

 

Rikard’n var den fyrste medlemen

Ein merkestein i Trio, som nett fall ifrå

Ein Triogut

Som mange Triogutar og jenter

Engasjerte i laget etter endt karriere

Som så mange andre

 

Harde kampar

Grusknottar og sklitaklingar mot Uskedalen og Huftar

Elegante Tjerand med lange og høge sprang

Basseng med eit mylder av gode utøvarar

Nils Eknes trekte tenner og trente fram symjarar

Sigbjørn Malmin, som fekk fram eit volleyballmiljø av nasjonal standard

 

Odd Erling Bakkebø, min gode ven, mentor og trenar

Tok oss med på turen rundt kyrkja

Stilte opp kvar onsdag

Gjorde klart for oss

Innførte oss i kuletikamp

Han var uslåeleg i potta

Halda kula i begge hender

Bak knea

Hiv mellom beina

Han lo godt kvar gong han banka meg med to meter

 

Treningsglede

Samkvem

Anleggsbyggjing

Dugnad 

Det er Trio

Otto og Oddmund med spisskompetanse og maskinar

 

Det er mange som alltid har stilt opp

Gjort jobbane

Dei som blir utført utan at dei som trer på seg sko i garderoben ser det

Brått var det ein grøn bane

Utan gras

Snart 10 år no

 

Grusen ligg der utan at Jørgen Belt trenar så det smell i alle ledd i kroppen

Supporterklubben

Symjestevne med hundrevis i bassenget og sokkadans om kvelden

Fotballkampar med stort engasjement

Rikard’n som går inn på banen og gjer dommaren ein øyrefik

Det er Trio

 

Turngruppa med hundrevis av små med venteliste

Trio er frå Herøysund til Utåker

Orienteringskartet med kotar og postar

Der no Røsslandslia er blitt ei lita bygd på grensa mellom Husnes og Sunde

Skeisegruppa med Vestlandsmeisterskap i Podlen

Husnes stadion skulle bli nye Bislett

Skar ned gjerdet

Frosten kom ikkje

Det er Trio!

 

Det er vilje og gjennomføringsevne

Samfunnsutvikling sidan 1946

Idrett for alle

Dei er aldri kvilande

Detta får me te

 

Dei kjem fram og gjer jobben

Dei som spelte på A-laget i 1962

Dei som var med på opprykket til 4. divisjon i 1977

Dei som hadde ungar som var med ungane sine på trening

I friidrett, turn, orientering, fotball, volleyball

Dei er med enno 

Mange

Og vil vera med å driva laget vidare

 

Dugnadsgjengen

Dei som har bygd laget i snart 70 år

Triohuset står som ein liten konge på haugen

Eit godt hus som har tent laget i snart 30 år

Som no skal opnast og bli møteplassen for alle oss

Alle oss som er glade i laget vårt

Som vil driva det vidare

 

Setja oss ned

Ta ein kaffikopp i salen

Prata litt om prestasjonar

Lyga litt om kampar me burde vunne

Gå ein tur i den nye løypa

Og gjera litt som burde vore gjort

 

Ein møteplass skal dette huset vera

For dei som spelar kampar og spring fort

For dei som vil setja seg ned å ha ein prat

Trio skal vera noko for alle

Og for dei som berre vil vera sosiale

Og som gjerne er brannvakt på symjestevnet

Eller er med å gjev ei hand på HusnesCup

 

Det er plass til alle

Det er plass til fleire

Som vil vera med å gjera Trio endå betre

Det er det som er kultur

Det at me møtest

At me opplever noko saman

 

Me skal fylla den nye tribunen

Me skal sjå kampane i lag

Me skal melda oss inn i Trio

Me skal kjøpa oss ei Triodrakt og gå oss ein tur i den nye turløypa

Me skal løfta laget vårt saman

12.000 skruar er skrudde inn i gjerdet rundt stadion

Det flottaste i Noregs land

Me har kanskje den raskaste løpebanen som finst i Norge

 

Trio er lagt merke til på nasjonalt nivå

Ein klubb som kan samarbeida

Ein klubb som har bygd anlegg for meir enn 30 millionar

Ein klubb som skal bli endå betre

Ein klubb som skal få fleire med

 

Audmjuk er eg, som er leiar no

Audmjuk er eg, me har fått Kulturprisen for 2014

Audmjuk er eg, det er eit lag, det er dåke, det er innsatsen i snart 70 år

Audmjuk er eg for dåke, som har gjort ein innsats for klubben vår

 

Det er mange som har gjort mykje, og mange som har gjort litt

Summen er det som klubben har blitt.

No står me med eit praktanlegg, og det er ein som er nummer ein

Han kjeme ifrå Røyrvikjo, og heiter Svein

Du har vore med å gjera Trio til det mest virile idrettslaget i Norge

– direkte frå Triohuset, Arne Torget.

Me har hatt samhald, idrett og dugnad, som vårt vigtigaste våpen.