«Divers night» på Husnes

 Kvinnherad Undervannsklubb deltok i det internasjonle nattdykket.

Kvinnherad Undervannsklubb deltok i det internasjonle nattdykket.

Torsdag kveld presis klokka 20.14 hoppa sju dykkarar frå Kvinnherad Undervannsklubb i sjøen ved Bogsneskaien på Husnes, som deltakarar i det internasjonale «Divers night»-arrangementet. Det føregår på same tid verda over.

–  Divers night er noko så enkelt og ukomplisert som å få flest mogleg dykkarar over heile verda i vatnet på same tid; klokka 20.14, fortel Kristian A. Karlsen i dykkarklubben til Skimtvis.net.

 Tunikatar (sjøpungar), eit levande sjødyr, var noko av det dykkarane fekk sjå utanfor Bogsneskaien.

Tunikatar (sjøpungar), eit levande sjødyr, var noko av det dykkarane fekk sjå utanfor Bogsneskaien.

Sju av totalt 11 medlemmer som stilte opp i mørkret på Bogsnes denne kvelden deltok i dykket, som føregjekk over heile verda på same tidspunkt. Dei fire andre medlemmene var stand by-mannskap på land, også ei viktig oppgåve.

– Det blei eit flott dykk, der vi fekk sett mykje spennande dyreliv i løpet av dei 60 minuttane vi var uti, fortel Karlsen. Sikten i sjøen var grei og temperaturen var +12 grader C. Den maksimale djupna var 20 meter.

Undervannsklubben hadde med seg båten sin; "Stinger", som er rigga med flaumlys, og som plukka deltakarane opp igjen etter ein time i det internasjonale synkrondykket utanfor Bogsneskaien.
 
Desse deltok i dykket:

Kristian A. Karlsen, Per Arne Leirvik, Bjørn Kenneth Andreassen, Jan Arthur Kalsås, Robert Tungesvik, Kim Arne Helle og Espen Soldal.

Les meir om Divers Night her

 "Stinger" er rigga med flaumlys, og plukka deltakarane opp igjen etter ein time i det internasjonale synkrondykket.

"Stinger" er rigga med flaumlys, og plukka deltakarane opp igjen etter ein time i det internasjonale synkrondykket.