Ein vanleg dag ved Middelhavet

Daily Express med gode tips om korleis vi kan leva lenger!

Daily Express med gode tips om korleis vi kan leva lenger!

NERJA: Klokka er litt over elleve og temperaturen har allereie passert 20 grader på denne torsdagen i november. Det byrjar å bli folksamt i gatene.

Det går an å ta seg eit glas vin på offentleg stad, ser det ut til.

Det går an å ta seg eit glas vin på offentleg stad, ser det ut til.

Nokon er berre ute og går, andre er på shopping. Her vi har sett oss ned på ein liten kafe for å ta ein kopp kaffi, kjem tre eldre damer trippande og slår seg ned ved nabobordet. Truleg er dei engelske. Dei tingar sin café con leche, og blar i Daily Express medan praten går på kvinnfolksvis.

Hovudoppslaget i Londonavisa i dag handlar om korleis vi kan forlengja livet vårt. "How you can add years to our life", står det med store bokstavar på framsida, som om det skulle vera langt verre ting dei melde om.

Har dei ikkje anna å slå opp? funderer vi på, medan vi glyttar bort på dei gamle damene med avisa. Medan andre delar av verda er fulle av sosiale problem, hungersnød og økonomiske utfordringar, er det dette ei av dei største avisene i England presenterer på framsida denne dagen.

Det får oss til å tenkja på norske tabloidaviser, som òg brukar slike oppslag for å få folk til å kjøpa.

Ja, ja, dei om det. Kaffikoppen vår er tom, og vi ruslar vidare, ut på Balcon de Europa, ein tidlegare festningsplass som blei øydelagt under krigen i 1812. Her går tusenvis av menneske kvar einaste dag året rundt for å oppleva havet og utsikten.

Det er best å ta livet med ro på utsida av butikken!

Det er best å ta livet med ro på utsida av butikken!

Vi passerer tre vennepar som pratar i munnen på kvarandre. På benken attmed seg står to flasker vin. Eller kanskje det er champagne og at dei feirer noko – før klokka er tolv på føremiddagen. Dei lokale politimennene like ved lar seg i alle fall ikkje affisera. Ikkje vi heller.

Lenger oppe i handlegata er det begynt å bli meir folksamt. Butikkane byr fram sine varer, og her som mange andre stader er det damene som likar seg best innanfor dørene. Dei fleste mennene vi observerer denne føremiddagen har slege seg ned ved eit bord utanfor og har tinga seg kaffi, øl eller eit lite glas med kvitvin – eller kanskje ein Magno. Kva kan no elles det brune i glaset vera for noko?

Ja, ja, kvar si interesse – og smak, tenkjer vi og går vidare. No står sola høgt på ein skyfri himmel og det er tid for dagens trim. I dag går turen langs stranda, barføtt. Bølgjene frå Middelhavet skvulpar oppover føtene våre, medan vi ruslar i sanden, og kjenner oss vel tilfredse.

Som ein vil forstå, er Nerja og området ikring ein fin og hyggjeleg stad å vera, spesielt no når rapportane heimefrå fortel at nysnøen kjem lenger og lenger nedover liene dag for dag, og temperaturane fell. Nokre veker her sør i fastlands-Spania på denne tida av året, før vinteren set inn for alvor heime, gjer oss i alle fall godt på alle måtar.

Kanskje legg vi òg år til livet vårt, slik det står i Daily Express denne torsdagen i november?

Det får vi neppe svar på – enno!

 

Kristian


Les meir om Nerja her

Og snart er det jul...

Og snart er det jul...